Skogsvåg skule
Øygarden kommune Skogsvåg skule · Skogsvåg
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Øygarden kommune Skogsvåg skule
- Location
- Skogsvåg
- Posted
- September 30, 2026
About this job
Er du nyutdanna fagarbeidar og ønskjer fast jobb? Har du jobba som vikar i skule/SFO og ønskjer noko fast å gå til? Dette er ein sjeldan moglegheit. Vi søker 1 fast stilling på Skogsvåg skule som vert tilknytt SFO frå skuleåret 26-27. Du skal jobbe 39% fast gjennom skuleåret i SFO, mens 11% av stillinga vert direkte knytt opp til ferie-SFO med full arbeidsdag. Du vil få ei nøkkelrolle inn mot ferie-SFO og vere med å bidra til høg kvalitet med variert tilbod for dei barna som nyttar ferie-SFO. Skogsvåg skule treng alltid vikarar i skuletid, og det vil vere gode moglegheiter arbeid utover stillingsprosent. Om avdelinga: Like sør for Skogsskiftet ligg Skogsvåg skule. Frå skulen er det om lag 15 minutt køyring til Straume. Skulen ligg i flott natur med kort veg til toppen av Storaskjenet og til sjøen i Kvalvågen. Skogsvåg skule har rike tradisjonar og historikk knytt til song og musikk, til kystkultur og til det som rører seg i lokalmiljøet. Skulens visjon er; «Hand i hand løfter vi kvarandre fram» Dette er ord som betyr mykje for dei tilsette og dette skal vise seg i arbeidet med relasjonane mellom vaksne og barn. Heile personalet jobbar aktivt med «VI-skulen», felles praksis og at alle elevane ved skulen er våre elevar. Skulen er ein godkjent dysleksivenleg skule og jobbar systematisk med utviklingsarbeid knytt lesing. Skuleåret 2025/26 starta vi med eit nytt utviklingsarbeid «TRYGG», der heile skulen arbeider med felles mål og tema. På SFO er det i overkant 100 barn, og frå skuleåret 26-27 skal Skogsvåg tilby ferie-SFO. SFO jobbar etter den nasjonale rammeplanen for SFO, men utviklingsarbeidet går hand i hand med skule. Det vert lagt vekt på høg kompetanse, sjølvstendigheit og engasjement blant fagarbeidarane. Det er ofte fagarbeidarane i skule og SFO som kjem nærast elevane, og mange arbeidar tett på barn med særskilte behov. SFO er delt i aldersblanda grupper der 1.og 2.trinn er saman og 3. og 4.trinn. Det er faste tilbod gjennom veka og SFO har eit eiga årshjul som tek føre seg ulike aktivitetar. Samstundes med dette er det utviklingstid kvar veke, og fagarbeidarane som og jobbar i skule har faste samarbeidsmøte kvar veke med lærarane. Frå SFO-året 26-27 skal gruppeleiarane for kvar SFO-gruppe ha faste oppstartsmøter med SFO-leiar. Dette er ei satsing på SFO, som skal gje ein betre overgang og start på SFO. Vi trur på at god kvalitet på morgonen og ettermiddagen gjer betre læring gjennom skuledagen. Vi har eit mål om å sjå heilheita i skuledagen, og derfor skal vi jobbe hand i hand mellom skule og SFO. Inneverande skuleår har vi 240 elevar. Administrasjonen består av rektor, avdelingsleiar på 1.-4.trinn, avdelingsleiar på 5.-7.trinn, SFO-leiar og merkantil. Arbeidsoppgåver: Tett oppfølging av enkeltelevar med spesialpedagogiske behov. Arbeid med/etter tydelege rammar og struktur. Samarbeide med andre tilsette. Uteaktivitetar og tur med elevane. Tilsyn og inspeksjon ute. Ansvarleg for gjennomføring av aktivitetar i SFO-tid. Ansvar for større grupper med barn i ulike aktivitetar. Kvalifikasjonar: Må ha: Krav om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Du må ha tilstrekkelig norsk språk. Ønskjeleg med: Det er ønskjeleg med kompetanse innan arbeid med spesialpedagogiske elevar, t.d kjennskap til eller erfaring frå arbeid med TEACCH, ASK og ADL-trening. Det er ønskjeleg med kurs frå arbeid retta mot sårbare barn. Personlege eigenskapar: Tålmod: Å arbeide med barn med særskilte behov krev ofte stor grad av tålmod hos dei vaksne, då barna kan trenge lang tid på å lære seg nye ting og tilpasse seg nye situasjonar m.m. Observasjonsevner og tilpassingsdyktigheit: Kvart barn er unikt og stiller ulike krav til oss vaksne sine evner til å forstå dei og deira kjensler. Difor må du kunne observere barna og gjere nødvendige tilpassingar gjennom dagen. Samarbeidsevner: Du samarbeider godt med kollegaene dine. Du deler av kunnskapen din og bidreg aktivt i utforminga av barnas kvardag. Du er fleksibel og løysningsorientert med stor arbeidskapasitet. Stressmeistring: Du står trygt og godt i situasjonar saman med barn som har sterkt uttrykk, utagerer, og du evnar å ha ei konstruktiv tilnærming til dette. Du trivst i eit hektisk og travelt arbeidsmiljø. Positivt elevsyn: Du tenkjer at alle barn kan lære og utvikle seg, og du leitar etter og byggjer vidare på dei positive augneblikka gjennom kvardagen til elevane. Praktisk arbeid: Du trivst med og likar å arbeide praktisk med elevar. Dette kan t.d vere å ta med ei gruppe på kjøkkenet, musikk, idrett, leiketime, speltime, friluftsgruppe eller arbeidsgruppe. Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Kontakt: Kontaktperson: Ingrid Bildøy Hestad Stillingstittel: Rektor Telefon: E-post: Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søk
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Kokker/Pizzakokker til Vidsjå/Tårnstua i Skimore ved Tryvannstårnet · Tårnstua As
- MOPP AS søker samarbeidspartner innen digital markedsføring – provisjonsbasert · Mopp As
- Vil du skaffe nye bedriftskunder? MOPP AS søker salgspartnere – provisjonsbasert · Mopp As
- Glowclean søker tilkallingsvikar · Glow Clean Spavorova
- Fysioterapeut søkes til fulltidsvikariat ved Asker og Bærumklinikken · Asker & Bærumklinikken
- Barneverns- konsulent -kurator -pedagog · Emploi Medic As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card