Kreftsjukepleiar/sjukepleiar
KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Ålesund
- Posted
- September 29, 2026
About this job
Ønsker du å jobbe i ei avdeling der avansert sjukepleie kombinerast med nær pasientkontakt og heilheitleg omsorg? Som sjukepleiar har du ei viktig rolle på sjukehuset vårt, og du spelar ei avgjerande rolle i å sikre trygge og gode pasientopplevingar. Sengepost for kreft og blodsjukdomar søkjer no ein engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar som ønskjer å bidra til trygg behandling, høg fagleg kvalitet og gode pasientopplevingar. Vi er ein fylkesdekkande spesialsengepost, og har 18 sengeplassar innan fagområda onkologi, palliasjon og hematologi. Her vil du jobbe tett saman med engasjerte og dyktige kollegaer i eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø. Stillinga er i hovedsak knytt til dag- og kveldsarbeid, med arbeid kvar 3.helg. Noko nattarbeid kan likevel forekomme. Ved interne omrokkeringar kan andre stillinger verte ledige. Arbeidsoppgåver Yte både grunnleggande og avansert sjukepleie til pasientar i alle faser av sjukdomsforløpet Følgje opp pasientar som får medikamentell kreftbehandling, strålebehandling og palliativ behandling Arbeide heilskapleg og tverrfagleg med behandling, symptomlindring, omsorg, informasjon og koordinering av tenester Være ein trygg støttespelar for pasientar og pårørande i ein sårbar livsfase Rettleie studentar og nytilsette Bidra til kvalitet, pasientsikkerheit og god samhandling i pasientforløpa Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Vidareutdanning innanfor kreft eller palliasjon er ein fordel God IKT-kompetanse Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du er pasientorientert og framtidsretta Du har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter Du viser høgt fagleg engasjement og har ønske om å utvikle deg Du er ansvarsfull og arbeider strukturert og nøyaktig Du bidreg til å vedlikehalde vårt trivelige og gode arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid i ei avdeling med høg kompetanse Internundervisning, fagdagar og fokus på kompetanseheving Ein inkluderande og utviklingsorientert arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. Kontaktinformasjon Maiken Amalie Grønningsæter Solberg, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Åsehaugen 15 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5184643568 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Førsteamanuensis II innen maritim teknologi og autonome systemer · NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
- Førstekonsulent · NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
- Sjukepleiar · Sengepost barn og ungdom Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- 100 % vikariat for sykepleier ved Borgund heimeteneste ledig · Hessa-Borgund heimetenestedistrikt, Ålesund kommune
- 100 % fast stilling som helsefagarbeider ledig ved Borgund heimeteneste · Hessa-Borgund heimetenestedistrikt, Ålesund kommune
- Sykepleier 100 % fast stilling Åse og Lerstad hjemmetjeneste · Åse-Blindheim heimetenestedistrikt, Ålesund kommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card