Har du lyst og interesse for å arbeida med drift og vedlikehald av kommunale bygg og eigedomar? Då kan dette vera jobben for deg.
Bjørnafjorden kommune Eigedom drift · Os
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Bjørnafjorden kommune Eigedom drift
- Location
- Os
- Posted
- September 29, 2026
About this job
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette og vil være i sterk vekst i åra framover. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Eigedom Drift har ansvar for drift, vedlikehald og oppfølging av ein stor og variert bygningsmasse i Bjørnafjorden kommune, og består av tre avdelingar i Os og Fusa; to avdelingar med driftsoperatørar og gartnarar, og ei elektroavdeling. Drifta omfattar mellom anna skular, barnehagar, rådhus, administrasjonsbygg, omsorgsbygg, utleigebustader og andre kommunale bygg. Arbeidsoppgåver Du vil få ein variert kvardag med ansvar for drift, vedlikehald og oppfølging av tekniske anlegg. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vera drift og vedlikehald av SD-anlegg, ventilasjonssystem, varmepumper, varmestyringsanlegg, brannalarmanlegg, dørautomatikk og anna elektroarbeid. Utføring av vanlege elektroinstallasjonar, feilsøking og reparasjonar høyrer også med til stillinga. Andre arbeidsoppgåver kan bli aktuelle når situasjonen krev det. Kvalifikasjonar Krav om fagbrev som elektrikar gruppe L Krav om relevant praksis innan elektro Erfaring frå drift av tekniske anlegg er ein fordel, men ikkje eit krav då nødvendig opplæring vil bli gitt Det er ønskjeleg med erfaring frå internkontroll og dokumentasjon Personlege eigenskapar: Du er nevenyttig, strukturert, fleksibel, sjølvstendig og løysingsorientert Du har god tverrfagleg forståing Du har god forståing av tekniske løysingar og gode datakunnskapar Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Varierte arbeidsoppgåver og høve til fagleg utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter gjeldande avtaleverk Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Fysioterapeut søkes til fulltidsvikariat ved Asker og Bærumklinikken · Asker & Bærumklinikken
- Barneverns- konsulent -kurator -pedagog · Emploi Medic As
- S.O.S Event Security søker profesjonelle og serviceinnstilte vektere · Sos Event Security As
- Vi ser etter en dyktig og effektiv montør til kjøkken- og innredningsløsninger/ skilled and efficient fitter for kitchen and interior design · Byggmester Alpha Entreprenør As
- Tømrer til kanskje Norges beste Byggmester selskap / Carpenter to perhaps Norway´s best Master builder company · Byggmester Alpha Entreprenør AS
- Medarbeidere julegave-pakkedisk · Lagunen
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card