Overlege onkologi

Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF
Location
Ålesund
Posted
September 29, 2026

About this job

Vil du vere med å utvikle kreftbehandlinga i ei moderne og fagleg sterk eining, som i tillegg har eit godt arbeidsmiljø? Ved Kreftavdelinga på Ålesund sjukehus har vi ledig 100 % fast stilling for spesialist i onkologi frå 4. januar 2027. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk onkolog som ønskjer å bidra til vidare utvikling av eit godt pasienttilbod, i tett samarbeid med kollegaer på tvers av fagområde. Det onkologiske tilbodet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består mellom anna av; Fylkesdekkande sengepost og stråleterapieining i Ålesund Palliative team, poliklinikkar og Pusterom Ålesund/SNR/Volda Vardesenter i Ålesund med satelittar på dei andre sjukehusa Onkologi er eit svært spennande og variert fag som utviklar seg raskt med tanke på nye behandlingsmetodar og teknikkar. Faget gir gode høve for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken. Seksjonen gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg. Arbeidsoppgåver Polikliniske konsultasjonar Sengepostarbeid Vurdering av tilvisingar Deltaking på MDT-møter Vurdering av stråleterapi etter kvalifikasjon Supervisjon og rettleiing av LIS Deltaking i kliniske studier Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Norsk spesialistgodkjenning innan onkologi, eller lege som er nær ferdig spesialistutdanna og som har relevant erfaring Du har gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som: Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Trivast i eit aktivt og framoverlent miljø Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Arbeider godt både sjølvstendig og i team Er ansvarsbevisst Gjerne deler kunnskap med andre Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. Kontaktinformasjon Synnøve Haram Rotnes, Seksjonsleiar,, Arbeidsstad Åsehaugen 15 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5161204056 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free