Maskinsjef - i 3:3 turnus

Fjord1 - Maritim Drift · Fonnes

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Fjord1 - Maritim Drift
Location
Fonnes
Posted
September 29, 2026

About this job

Vi søker ein maskinsjef til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg. På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i tre veker. Deretter har du tre veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har fri. Fjord1 dekker reisekostnader for strekninger over 30 km mellom bosted og arbeidssted. Dette gjelder ved oppstart og avslutning av arbeidsperioden, altså første og siste arbeidsdag. Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. Denne ferja vart bygd i 2011, og i 2019 ble ho bygd om til hybrid med batteri som primær energikjelde for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid. Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg! Vi vurderer kandidatar fortløpande. Arbeidsoppgåver Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen. Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet. Kvalifikasjonar Minimum M3-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise-og passasjerhandtering Gyldig helseattest Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga. Personlege eigenskapar Vi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerheit og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trives med å lede og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø er noko av det viktigste du veit. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Maskinistforbund Dekket reiseavstand som overstig 30 km mellom til og fra arbeidsperiode, mellom arbeidsstad og bustad. Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Skiftordning: Døgnskift, 3 veker på og 3 veker av, byttedag mandag. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår. Kontaktinformasjon Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider,, Arbeidssted Fv57 5953 Fonnes Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5188252734 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 19.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free