Helsesjukepleiar
Helsestasjonstenester, Klepp kommune, Tenesteområde barn og unge · Kleppe
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Helsestasjonstenester, Klepp kommune, Tenesteområde barn og unge
- Location
- Kleppe
- Posted
- September 29, 2026
About this job
Vil du jobba med barn og ungdom – og gjera ein forskjell kvar dag? Ved Klepp helsestasjon har vi frå 01.01.2027 ei ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta. Vi søkjer deg som er engasjert helsesjukepleiar og som ønskjer å bidra til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom gjennom helsefremjande og førebyggjande arbeid. Om arbeidsstaden Helsestasjonstenesta er organisert i tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst. Tenesteområdet omfattar også barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Klepp tverrfagleg team (KTT) og fritidstenester. Skulehelsetenesta har ei sentral rolle i kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom tett samarbeid med elevar, føresette, skular og andre faginstansar arbeider vi for tidleg innsats, meistring og heilskapleg oppfølging. Om stillinga Stillinga er knytt til skulehelsetenesta ved barne- eller ungdomsskule. Målgruppa er barn og ungdom i alderen 6 til 16 år. Som helsesjukepleiar vil du vera ein viktig støttespelar for elevar, føresette og skulen. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåver Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn og ungdom for tidleg identifisering av behov og oppfølging Individuelle samtalar, rettleiing og oppfølging av elevar Undervisning trinnvis og i grupper Gjennomføring av helseundersøkingar og vaksinering Tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og andre faginstansar Kvalifikasjonar Kvalifikasjonar: Autorisasjon som helsesjukepleiar Er du i utdanningsforløp som helsesjukepleiar, kan du også søkje Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ønskelig God munnleg og skriftleg framstillingsevne Gyldig politiattest Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som: Har gode samarbeidsevner brenn for å fremje god helse og livsmeistring hos barn og ungdom Møter barn, ungdom og føresette med respekt, tryggleik og varme byggjer gode relasjonar og skaper tillit Tek ansvar, arbeider sjølvstendig og har god gjennomføringsevne Trivst med samarbeid og ser verdien av tverrfagleg arbeid Er fleksibel og løysingsorientert Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi tilbyr Vi tilbyr: Ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og ungdom kvar dag Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Tett samarbeid i tverrfaglege team Faste fagmøte, rettleiing og gode moglegheiter for kompetanseutvikling Fadderordning og god oppfølging i oppstartsperioden Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling Løn etter gjeldande avtalar Kontaktinformasjon Inger Olsson, Leder, Arbeidsstad Olav Hålandsveg 2 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5187914808 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Vil du skaffe nye bedriftskunder? MOPP AS søker salgspartnere – provisjonsbasert · Mopp As
- Glowclean søker tilkallingsvikar · Glow Clean Spavorova
- Fysioterapeut søkes til fulltidsvikariat ved Asker og Bærumklinikken · Asker & Bærumklinikken
- Barneverns- konsulent -kurator -pedagog · Emploi Medic As
- S.O.S Event Security søker profesjonelle og serviceinnstilte vektere · Sos Event Security As
- Vi ser etter en dyktig og effektiv montør til kjøkken- og innredningsløsninger/ skilled and efficient fitter for kitchen and interior design · Byggmester Alpha Entreprenør As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card