Maskinsjef i 2:2 turnus

Fjord1 - Maritim Drift · Hordvik

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Fjord1 - Maritim Drift
Location
Hordvik
Posted
September 29, 2026

About this job

Vi søker no etter ein maskinsjef til ressursgruppa. I denne stillinga vil du tenestegjere på ulike samband i region Vestland. Du blir ein viktig ressurs som bidreg til kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire fartøy og samband ved behov. Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir ein god balanse mellom jobb og fritid. I stillinga må du disponerer eigen bil då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Fjord1 dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastsette. Du bør og vere busett i regionen eller sjølv kunne sørgje for ein stad å bu, då rederiet ikkje tilbyr bustad. Som maskinsjef vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag med ulike fartøy, ruter og driftsutfordringar. Dette krev at du er fagleg trygg, sjølvstendig og tilpassingsdyktig. Du trivst med nye utfordringar, handterer endringar på ein god måte og evnar å ta raske og gode avgjerder når situasjonen krev det. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer brei erfaring frå ulike fartøy og samband. Du får arbeide saman med dyktige kollegaer på tvers av regionen, samtidig som du utviklar kompetansen din i eit variert og fagleg spennande miljø. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande, og tilsetting skjer fortløpande. Arbeidsoppgåver Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Arbeidet omfattar opplæring, teknisk vedlikehald og dokumentasjon, forbrukskontroll, reinhald og brannførebygging, og blir utført i tråd med gjeldande stillingsinstruks. Kvalifikasjonar Minimum M3-sertifikat. FSE e- læringskurs Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta. Krise- og passasjerhandtering. Gyldig helseerklæring. Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå. Vi tilbyr Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund. Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap. Skiftordning: 84t avtale, 2 veke på og 2 veker av. Dekket reiseavstand som overstig 15 km, mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastsette. Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår. Kontaktinformasjon Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider,, Arbeidssted Strandkaien 5013 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5188294337 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free