Vil du vere med å utvikle Volda kommune som vår nye personal- og organisasjonssjef?

Personal og organisasjon · Volda

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Personal og organisasjon
Location
Volda
Posted
September 29, 2026

About this job

Volda kommune søkjer ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert personal- og organisasjonssjef. Som personal- og organisasjonssjef får du eit overordna ansvar for HR, kommunikasjon og dokumentforvaltning. Du får også ei sentral rolle i kommunedirektøren sitt leiarteam og høve til å setje retning for utviklinga av heile organisasjonen. Vi ser etter ein leiar som får ting til å skje. Du trivst med å drive fram endrings- og utviklingsprosessar saman med leiarar og medarbeidarar, og du evnar å omsetje strategiar til konkrete resultat. Du er trygg i leiarrolla, handterer krevjande saker med integritet, og byggjer tillit gjennom tydeleg kommunikasjon og godt samarbeid. Arbeidsoppgåver leie og vidareutvikle kommunen sin arbeidsgivar- og HR-strategi drive leiarutvikling på tvers av sektorar og fagområde styrkje kommunen sitt arbeid med rekruttering, kompetanseutvikling og arbeidsmiljø vere ein sentral støttespelar for leiarar i personal- og arbeidsgivarspørsmål leie utviklinga av digitale og effektive arbeidsprosessar innan fagområdet ha administrativt ansvar for kommunikasjon, dokumentforvaltning og innbyggarservice vidareutvikle system for kvalitet og internkontroll ivareta og utvikle partssamarbeidet bidra aktivt til strategisk utvikling av kommunen som heilskap Du får ansvar for fag, personal, økonomi og resultat innan ditt ansvarsområde. Kvalifikasjonar relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon, leiing eller tilsvarande leiarerfaring frå offentleg eller annan kompleks organisasjon solid kompetanse innan HR, organisasjonsutvikling og arbeidsgivarpolitikk god forståing for offentleg forvaltning og arbeidsrett god digital forståing og interesse for utviklingsarbeid Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: tenkjer strategisk og ser samanhengar på tvers av organisasjonen tek initiativ og skaper framdrift i utviklings- og endringsprosessar evnar å kombinere strategisk tenking med praktisk gjennomføring er trygg, tydeleg og handlekraftig i krevjande situasjonar byggjer tillit og gode relasjonar gjennom samarbeid og open kommunikasjon har høg gjennomføringsevne og evnar å skape resultat saman med andre har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr ei sentral og strategisk leiarstilling med stor påverknadskraft høve til å forme og utvikle organisasjonen tett samarbeid med kommunedirektøren og kommunen si leiargruppe eit godt arbeidsmiljø prega av tillit, samarbeid og engasjement spennande og varierte arbeidsoppgåver løn etter avtale Volda kommune har nynorsk som administrasjonsspråk. Kontaktinformasjon Rune Sjurgard, Kommunedirektør,, Arbeidsstad Stormyra 2 6100 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Personal og organisasjon Referansenr.: 5187658060 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free