Utviklingsdirektør
Helse Førde · Førde
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Helse Førde
- Location
- Førde
- Posted
- September 29, 2026
About this job
Helse Førde har frå 01.11.2026 ledig stilling som utviklingsdirektør. Utviklingsdirektøren har ansvar for stabsområdet Fag og utvikling, som omfattar seksjonane Arkiv og dokumenthandtering, Forsking og innovasjon, Kompetanse og utdanning, Kvalitet og pasienttryggleik, Samhandling og Senter for kliniske fagsystem. Stabsområdet har eit driftsbudsjett på om lag 85 millionar kroner og rundt 60 tilsette. Det har ei sentral rolle i utviklingsarbeid, kvalitetsforbetring og pasienttryggleik på tvers av føretaket. Helse Førde er ei av dei største verksemdene i regionen og tilbyr spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. På nettsida vår finn du meir informasjon om verksemda: Helse Førde. Stillinga er lokalisert i Sunnfjord kommune, ein attraktiv og vekstkraftig kommune midt mellom fjord og fjell. Kommunen tilbyr varierte bustadområde, gode oppvekstvilkår og rike kultur- og friluftsmoglegheiter. Du kan lese meir om kommunen her: Sunnfjord kommune. Arbeidsoppgåver Vi søkjer ein erfaren og visjonær utviklingsdirektør som kan leie og drive det strategiske utviklings- og innovasjonsarbeidet i føretaket. Helse Førde står i ein krevjande økonomisk situasjon. Tilpassing av drifta til dei økonomiske rammene vil krevje solid styring, tett oppfølging og tydeleg leiing. Utviklingsdirektøren skal bidra til at utviklingsarbeidet understøttar føretaket sine overordna mål om berekraftige tenester og god ressursutnytting. Helse Førde har som mål å vere ein lærande organisasjon. Utviklingsdirektøren får ansvar for det systematiske arbeidet med organisasjonsutvikling, kvalitetsforbetring og innovasjon, med særleg vekt på eit styrkt partsamarbeid og god samhandling med kommunane. Føretaket gjennomfører kvart år ei rekkje utviklings- og forbetringsprosjekt, og utviklingsdirektøren får ei sentral rolle i prioritering, koordinering og styring av desse. Arbeidet med Vestlandslegen vil vere ei viktig oppgåve for den nye direktøren. Det same gjeld samarbeid med universitet, høgskular og andre utdannings- og forskingsmiljø. Vi ser etter ein leiar som kan kombinere strategisk tenking med gjennomføringskraft, og som evnar å inspirere og leie tverrfaglege miljø mot felles mål. Vi ønskjer ein kandidat med solid leiarerfaring frå komplekse organisasjonar, gjerne innan utvikling, innovasjon, forsking, teknologi eller kunnskapsverksemd. Stillinga byr på varierte og krevjande oppgåver innan organisasjonsutvikling, kvalitetsforbetring, pasienttryggleik og strategisk utviklingsarbeid. Utviklingsdirektøren samarbeider tett med fagdirektøren og dei øvrige direktørane i føretaket. Utviklingsdirektøren rapporterer til administrerande direktør og inngår i føretaket si leiargruppe. Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning, helst på mastergradnivå Solid og dokumentert leiarerfaring Erfaring frå utviklingsarbeid / prosjektarbeid og arbeid med pasienttryggleik God økonomiforståing og evne til å styre etter rammer Erfaring frå endrings- og utviklingsprosessar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Tydeleg og trygg leiar med evne til å skape retning og resultat God relasjonsbyggjar med evne til å involvere og motivere Strategisk og analytisk, men samtidig operativ når situasjonen krev det Evne til å sjå heilskap og handle med Helse Førde sitt beste som styrande mål Vi tilbyr Ei sentral leiarstilling i ei verksemd med viktig samfunnsoppdrag Stor påverknadskraft i vidare utvikling av sjukehusdrift og eigedomsforvaltning Eit kompetent og engasjert fagmiljø Konkurransedyktige vilkår Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Arve Varden, Administrerande direktør, (+47) Arbeidsstad Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5185802287 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Tømrer til kanskje Norges beste Byggmester selskap / Carpenter to perhaps Norway´s best Master builder company · Byggmester Alpha Entreprenør AS
- Medarbeidere julegave-pakkedisk · Lagunen
- Driftsleder Høyspent/Prosjektleder · Hydro Energi AS
- Pedagogisk leder i Åfjord | Her skal jobben gjøres på jobb, ikke på fritiden · AllCare Solutions AS
- Sykepleiere til spennende oppdrag ved legevakt i Oslo · Nordlys Vikar
- Helsefagarbeiderstillinger hjemmesykepleien i Arna og Åsane · Hjemmebaserte tjenester i Arna og Åsane, Bergen kommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card