Tenestestadsleiar Høyanger

Vest politidistrikt · Høyanger

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Vest politidistrikt
Location
Høyanger
Posted
September 28, 2026

About this job

Om stillinga Ved geografisk driftseining Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent med funksjon som tenestestadsleiar ved Høyanger politistasjon. Høyanger politistasjon er del av tenesteeining Sunnfjord, som har ansvar for polititeneste i kommunane Høyanger, Sunnfjord, Gloppen, Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Bremanger og Kinn (sør). Stasjonen samarbeider også med tenesteeining Sogn om polititeneste i Balestrand kommune. I tillegg til tenestestadsleiar, har Høyanger politistasjon for tida fem tilsette. Vi søker ein modig og sjølvstendig leiar med vilje til å skape gode resultat gjennom strukturert arbeid og høg gjennomføringsevne i eit heilskapleg perspektiv. Du må kunne bygge gode relasjonar, ha god personalomsorg, vere motiverande og inkluderande, samt ha evne til å rettleie medarbeidarane dine. Geografisk driftseining Sogn og Fjordane består av tre tenesteeiningar, i tillegg til ein eigen etterforskingsseksjon. Driftseininga har kombiteneste med utvida aktiv teneste og beredskapsvakt. Det blir utført patruljeteneste, førebyggande arbeid og etterforsking ved alle tenestestadane. Sivile oppgåver er i hovudsak lokaliserte til hovudkontora for tenesteeiningane. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebygge og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søker derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter ein engasjert og tydeleg leiar som ønskjer å vere med og utvikle tenestestaden og skape gode resultat. Du evnar å kombinere struktur og gjennomføring med god personaloppfølging, og du motiverer medarbeidarane dine til å levere arbeid av høg kvalitet. Du byggjer sterke relasjonar, utviklar teamet ditt og legg til rette for læring og kontinuerleg forbetring. Du er løysingsorientert, trygg i avgjerder og arbeider strategisk for å vere i forkant av kriminaliteten. Du har høg etisk medvit, bidreg positivt til samarbeidet rundt deg, og trivst i ein variert kvardag der du også deltek i beredskap og operativt politiarbeid ved behov. Arbeidsoppgåver Personal-, HMS-, og resultatansvar for tenestestaden Ansvar for at administrative og politifaglege oppgåver ved tenestestaden blir utførte med høg kvalitet og i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar Du skal rettleie og følgje opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tek hand om tryggleiken ved tenestestaden Vere politikontakt og utføre aktivt kriminalitetsførebyggande samarbeid med kommune og andre eksterne samarbeidspartnarar. Bidra aktivt til at politiet i all si verksemd er i forkant av kriminaliteten Følge opp føringar og avgjerder med fokus på å skape resultat med høg måloppnåelse innan gitte fristar Oppfølging av straffesaker ved tenestestaden Funksjon som pårørandekontakt Delta i tenesteeininga si leiargruppe og bidra til heilskapleg tenking og gode, framtidsretta løysingar i eininga Motivere og utvikle medarbeidarar Tilrettelegge for kunnskapsbasert læring og systematiske forbetringar Delta i vakt- og beredskapsteneste og utføre etterforskingsarbeid saman med dei andre polititilsette ved tenestestaden Mediekontakt for eige ansvarsområde Andre oppgåver pålagd av overordna Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen Brei politifagleg erfaring Kjennskap til systematisk HMS arbeid God resultatoppnåing i tidlegare stillingar God IT- og systemkompetanse God munnleg og skriftleg framføring Ha IP4-godkjenning, eller vere kvalifisert og villig til å gjennomføre dette Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved å søkja på stilling i politiet, så samtykkjer du til at det vil bli gjort ei skikkavurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju. Det er også ønskjeleg med: Utdanning innan organisasjon og leiing helst på høgskule/universitetsnivå og/eller leiarerfaring blir vektlagt Erfaring innan førebyggande verksemd blir vektlagt Kjennskap til politiets planleggings- og styringsverktøy er ein fordel Personlege eigenskapar Gode evner til å setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling Løysingsorientert med evne til å ta avgjerder og skape resultat i eit heilskapleg perspektiv Vere ein tydeleg og tilgjengeleg leiar med evne til å vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidare Evne til å bygge relasjonar og samhandle internt og eksternt Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free