Vikariat som kontaktperson i barneverntjenesta

Surnadal kommune Indre Nordmøre barneverntjeneste · Surnadal

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Surnadal kommune Indre Nordmøre barneverntjeneste
Location
Surnadal
Posted
September 28, 2026

About this job

Ved Indre Nordmøre barneverntjeneste har vi ledig vikariat som kontaktperson i 100% stilling. Det kan bli aktuelt å tilsette i to vikariat. Vikariata varer i eit år. Barneverntjenesta består av kommunane Surnadal, Rindal, Tingvoll og Surnadal. Surnadal kommune er vertskommune og tenesta er organisert med kontorstader både i Sunndal og Surnadal. Vi er organisert i tre team, der kvart team har eigen teamleiar. Eit team i Sunndal og eit i Surnadal arbeider med avklaring av meldingar, undersøkingar og hjelpetiltak for barn som bur heime. Eit team arbeider med tilsyn-, hjelpe- og omsorgstiltak for barn som bur utanfor heimen. Arbeidsoppgåver i stilling som kontaktperson: saksbehandling etter lov om barnevern systematisk arbeid for å sikre framdrift i dei sakene ein har hovudansvar for, i nært samarbeid med andre utstrakt kontakt med barn og foreldre/foresatte, der medverknad blir vektlagt fokus på veiledning og endringsarbeid i samarbeid med familien og nettverket forberede, gjennomføre og følge opp saker i barnevern- og helsenemda og andre rettsinstansar Kvalifikasjonar: utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, ønskeleg med relevant mastergrad anna bachelorgrad kan bli vurdert om ein har vidareutdanning eller master som er relevant for arbeidet i barnevernet gjerne ha barnevernfagleg arbeidserfaring du må ha førarkort kl.B og kunne disponere eigen bil, men vi har tenestebilar tilgjengeleg det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader Personlege eigenskapar og fortrinn som er viktige i stillinga: å kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, m.a med tanke på tidsfrister vere god på å få i gang kommunikasjon og evne til å få til samarbeid kunne stå i pressa situasjonar over tid og vere i stand til å handtere følelsesmessige påkjenningar framstå som trygg og sikker i barnevernfaglege vurderingar vere vennleg og imøtekomande, men samtidig vere tydeleg og ha evne til gjennomføring kunne løfte blikket og tenkje heilheitleg å ha evne til god muntleg og skriftleg framstillingsevne er sentralt med tanke på dialog, god kommunikasjon og dokumentasjon i alle sider av arbeidet Ved tilsetting blir det gjort ei samla vurdering av krava til kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og tilbakemeldingar frå referanserpersonar. Aktuelle søkarar blir kalla inn til samtale. Hos oss i Indre Nordmøre barneverntjeneste får du: Faglege utfordringar og gode vilkår for personleg utvikling i eit sterkt fagmiljø. Vi har gode pensjons- og forsikringsordingar, kommunale tilsettingsvilkår og lønn med utgangspunkt i tariff. Vi kan innvilge flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free