Vil du bidra til at fylkesdirektøren og leiargruppa lykkast i arbeidet sitt?

Nav fylkeskontor Vestland · Bergen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Nav fylkeskontor Vestland
Location
Bergen
Posted
September 28, 2026

About this job

Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland, med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 48 tilsette, fordelt på fire avdelingar; partnarskap og kommunikasjon, HR og organisasjon, fag og tenester og økonomi og analyse. I dei ni regionane ligg det 34 Nav-kontor som alle er bygde på eit likeverdig partnarskap mellom stat og kommune. Målet vårt er å hjelpe folk i arbeid, bidra til inkludering og aktiv deltaking i samfunnet, og sikre sosial og økonomisk tryggleik for den enkelte. Mange av innbyggjarane vi møter har behov for støtte på fleire livsområde, noko som krev tett samarbeid mellom statlege og kommunale tenester. Vi søkjer no ein seniorrådgivar som skal vere leiarstøtte for fylkesdirektøren i Nav Vestland. Om stillinga Stillinga skal vere ein sentral leiarstøtte for fylkesdirektøren og bidra til god oversikt, framdrift og oppfølging av prioriterte oppgåver. Du vil ha ei viktig rolle i å koordinere saker, følgje opp vedtak og fristar, planleggje møte og sikre at viktige prosessar blir gjennomførte og følgde opp. Rolla omfattar både praktisk tilrettelegging og sjølvstendig koordinering av oppgåver på tvers av organisasjonen. Du vil arbeide tett med fylkesdirektøren og vere eit viktig kontaktpunkt både internt og eksternt. Vi ser etter deg som trivst med å skape struktur, halde oversikt over mange parallelle aktivitetar og bidra til at prioriterte saker blir følgde opp på ein god måte. Du må kunne forstå samanhengar, handtere komplekse problemstillingar og vere trygg i samarbeidet med leiarar og ulike fagmiljø. Dette er ei rolle for deg som trivst med å få ting til å fungere, skape framdrift og vere ein viktig støtte for leiinga i ein organisasjon med eit breitt samfunnsoppdrag. Arbeidsstad er fylkeskontoret i Bergen. Kva går jobben ut på? vere leiarstøtte for fylkesdirektøren koordinere og følgje opp saker som er prioriterte av fylkesdirektøren og direktørgruppa halde oversikt over og følgje opp vedtak, oppdrag og fristar bidra til gode beslutningsgrunnlag, saksførebuing og presentasjonar planleggje, koordinere og følgje opp møte, samlingar og andre sentrale arenaer vere eit kontaktpunkt for fylkesdirektøren, både internt og eksternt bidra til heilskap, framdrift og forankring i prioriterte satsingar Stillinga omfattar både rådgiving, koordinering og praktisk tilrettelegging. Møteførebuing, dokumentasjon, oppfølging, journalføring og samordning av aktivitetar er sentrale verkemiddel. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet. erfaring frå leiarstøtte, leiing eller rådgivande arbeid tett på leiing erfaring med koordinering og oppfølging av saker og prosessar god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk god digital kompetanse Det er ein fordel om du har erfaring med saksførebuing for leiingsgrupper eller andre styringsfora erfaring frå større organisasjonar og forståing for verksemdsstyring og organisering Kven er du? du arbeider strukturert og skaper framdrift i prosessar og oppgåver du trivst med å kombinere koordinering, administrativ oppfølging og praktisk gjennomføring du handterer fleire oppgåver samtidig og evnar å prioritere når det er nødvendig du samarbeider godt med ulike menneske og byggjer tillit Kvifor velje oss? eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 750 000 til 850 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. Les meir om Nav som arbeidsgivar Slik søkjer du Vi ønskjer å gjere søknadsprosessen enklare og meir relevant. Du treng derfor ikkje å skrive søknadsbrev. I staden ber vi deg om å sende inn ein oppdatert og utfyllande CV, og svare på nokre korte spørsmål om erfaringa og kompetansen din. Vi tek berre imot elektroniske søknader via Webcruiter. Vitnemål og attestar skal lastast opp saman med søknaden. Kontaktinformasjon Bjarte Hysing-Olsen, Fylkesdirektør,, Aida Cisic-Dizdar, Assisterande fylkesdirektør,, Arbeidssted Solheimsgaten 7E 5058 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5188007836 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free