Sjukepleiar 100% - Heimetenesta Sør

Kvinnherad kommune Heimetenester Halsnøy · Rosendal

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Kvinnherad kommune Heimetenester Halsnøy
Location
Rosendal
Posted
August 12, 2026

About this job

Sjukepleiar – 100 % fast stilling Heimetenesta Sør Har du ei lidenskap for å hjelpe andre – og trivst best når du får gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som treng deg? Likar du å vere på farten, kjenne friheita på vegen og jobbe sjølvstendig i vakre omgivelser? Då trur me du vil trivast hos oss! Vi har både sjukepleiarteam og muligheter for langvakter Hos oss i Heimetenesta Husnes/Halsnøy får du ein arbeidskvardag fullt av gode møter, faglege utfordringar – og mykje meistring. Me søkjer deg som er engasjert, trygg og som vil vere med å skape tryggleik i heimane til pasientane våre. Her får du bruke både fagkunnskapen, medmennesket og bilføraren i deg. Kven er vi? Kvinnherad kommune er kjend for varme og gode tenester – og eit fagmiljø som vil meir. Heimetenesta på Halsnøy og Husnes jobbar tett saman, og me er stolte av å ha eit inkluderande fellesskap der alle hjelper kvarandre å lukkast. Me held til midt i nydelig vestlandsnatur med fjell, fjordar og flotte turstiar rett utanfor døra. Perfekt for deg som set pris på frisk luft og ro mellom vaktene. Om stillinga 100 % fast stilling Todelt turnus (dag/kveld) Moglegheit for langvakter i årsturnus Arbeidsstad: Heimetenesta Husnes/Halsnøy Vi ser etter deg som Har autorisasjon som sjukepleiar Har eit ekte engasjement for eldre og sårbare menneske Trivst med å vere ute og køyre – hos oss er bil ein naturleg del av arbeidskvardagen Er både trygg og sjølvstendig, men trivst like godt i samarbeid med andre Held hovudet kaldt og hjartet varmt når kvardagen endrar seg Ser utvikling som ei moglegheit – og er nysgjerrig på bruk av ny teknologi Bidrar til eit positivt, inkluderande arbeidsmiljø Vi tilbyr Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i nyoppretta sjukepleiarteam Eit godt kollegafellesskap med støttande og erfarne medarbeidarar Fokus på fagleg utvikling, inkludert velferdsteknologi Muligheter for langvakter Opplæring, støtte og grundig innføring i arbeidsoppgåver Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår gjennom KLP Gode arbeidstilhøve i eit trygt og inkluderande miljø Tilsetjing etter gjeldande kommunale vilkår (HTA/AML) Kvifor velje Kvinnherad? Etter eitt år i jobb kan du få sletta 25 000 kr av studielånet Ingen eigedomsskatt Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage Eit eldorado for deg som likar fjell, fjord og friluftsliv Gyldig politiattest må leggjast fram. Vil du bli vår nye kollega? Saman gjer me kvardagen trygg og god for dei som treng oss mest. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free