Fengselsbetjent

Bergen fengsel · Hylkje

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Bergen fengsel
Location
Hylkje
Posted
September 28, 2026

About this job

Bergen fengsel søkjar inntil 20 utdanna fengselsbetjentar Me sjår fram til å ta imot søknad frå nyutdanna så vel som erfarne betjentar. Har du høsta erfaring utanfor murane i nokre år er du velkomen til å søkje deg attende til kriminalomsorga. Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, men skal og ha evne til å vere rollemodell og rettleiar, og å delta i målretta progresjonsarbeid med innsette. Video: https://www.youtube.com/watch?v=yPsJr8Exqts Arbeidsoppgåver avdelingsteneste med daglege oppgåver knytte til innsette kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde. Utdanning og erfaring Du må ha bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy god munnleg og skriftleg framstillingsevne førarkort klasse B Personlege eigenskapar gode kommunikasjons- og samarbeidsevner evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar personlege eigenskapars i trå med kriminalomsorga sine verdiar evne til å kommunisera på engelsk Vi tilbyr meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse. parkering, kantine, bedriftsidrettslag, treningsmoglegheitar og gode kollegaer stillinga vert løna i stillingskode 0264 fengselsbetjent, årsløn mellom kr. 515 00,- 645 000,- avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Generell informasjon Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden. Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet. Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Stine Marie Berger tlf. mobil For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på.

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free