Førsteamanuensis i praktisk og bevegelsesorientert pedagogikk

Høgskulen på Vestlandet · Bergen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Høgskulen på Vestlandet
Location
Bergen
Posted
September 28, 2026

About this job

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig ei fast stilling i 100% som førsteamanuensis i praktisk og bevegelsesorientert pedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Om stillinga Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, og er tilknytta Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Arbeidsstad er campus Bergen og det er ønskjeleg med oppstart 01.01.2027, eller så snart som mogeleg etter den dato. Frå hausten 2026 aukar vi innsatsen vår på ein meir praktisk og fysisk aktiv skule gjennom ei auka tildeling frå Kunnskapsdepartementet. Arbeidet er ein del av regjeringas oppfølging av Stortingsmelding 34 (2023-24) om ein meir praktisk skule. Vi skal setje i gang, følgje opp og evaluere utviklingsprosjekt i skuler som skal stimulere til ein meir praktisk og fysisk aktiv skulekvardag. Samarbeidet med skulane skal bidra til kompetanseutvikling, erfaringsdeling og inspirasjon. Målet er praksisendring i skulane og stimulere til læring, motivasjon og trivsel for elevane. Den utlyste stillinga skal bidra i dette arbeidet. Ansvars- og arbeidsoppgåver: Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåvr: Ansvar for arbeid om ein meir praktisk og fysisk aktiv skule med fokus på praktisk og bevegelsesorientert pedagogikk og fysisk aktiv læring. Ansvar for utviklingsprosjekt i skuler, leie skulenettverk og å ha ansvar for erfaringsdeling lokalt og nasjonalt. Samarbeide med andre nasjonale sentre om meir praktisk og fysisk aktiv skule. Arbeidsoppgåver knytt til kollektiv kompetanseutvikling i skule, vidareutdanningstilbod, kurs og oppdragsverksemd innan praktisk og fysisk aktiv skule. Undervisning og rettleiingsoppgåver innan andre studietilbod ved instituttet kan og bli aktuelt. Bidra i og gjennomføre oppgåver knytt til nasjonalt og regionalt arbeid innan praktisk og fysisk skule. Forsking og utviklingsarbeid med klar relevans for senteret/instituttet sine fagområde. Stillinga skal bidra til å vidareutvikla forskningsfeltet frå fysisk aktiv læring til ein breiare forståing av bevegelse som ein integrert del av pedagogisk praksis og læring, i ein meir praktisk, fysisk aktiv og variert skule. Fakultetet har ulike strategiske forskingsprogram, og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma. Ta ansvar for institusjonsbyggjande og kollegialt samarbeid, irekna fagadministrative oppgåver, utvikling av studietilbod, internasjonalisering, samhandling med eksterne partnarar, og representere HVL nasjonalt og internasjonalt. Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet. Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen. Ein må belage seg på noko reising i stillinga. Kvalifikasjonskrav: Kriterier for tilsetting i stilling som førsteamanuensis framgår av Forskrift til universitets- og høyskoleloven. Formell utdanning og kompetanse: For fast tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad innan til dømes fysisk aktiv læring, bevegelsesorientert pedagogikk, fysisk aktivitet i skulen eller pedagogikk/skuleutvikling med særleg relevans for praktisk og fysisk aktiv skule. Personlige egenskaper: Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevne, men óg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høy etisk medvit i møte med studenter, tilsette og samarbeidspartar er påkravd. Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga. Språkkrav: Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk. Følgjande tel positivt i vurderinga: Pedagogisk kompetanse og erfaring frå grunnskule eller grunnskulelærarutdanninga. Erfaring frå skulerelatert fagleg utviklingsarbeid, undervisning, rettleiing og leiing. Erfaring frå nettverksarbeid. Erfaring frå partnerskapssamarbeid mellom universitet/høgskule og skule. Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt for stillinga, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet. Variert rettleiarerfaring. Internasjonal erfaring med undervising og/eller forsking. Erfaring med digitale verktøy. Utdanningsfagleg kompetanse: For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ein pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet. Søkjarar som ved tilsetting ikkje oppfyller krava i henhald til forskrifta må oppfylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk. Sakkyndig vurdering: Søkjarar til vitskapelege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komite. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida, kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplige arbeid som skal leggjast ved søknaden i fulltekst. Tilsettelsesorgan er tilsettingsutvalg ved Høgskulen på Vestlandet. Korleis søkje på s

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free