Avdelingsleiar – Miljøterapitenesta i Vågå kommune
Vågå Kommune Bufellesskap · Vågå
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Vågå Kommune Bufellesskap
- Location
- Vågå
- Posted
- September 29, 2026
About this job
Vil du vere med å leie og forme framtidas miljøterapiteneste i Vågå? I Vågå kommune søkjer vi no etter ein engasjert og fagleg sterk leiar til Miljøterapitenesta i 100 % fast stilling. Eitt team -- to avdelingsleiarar og tenesteleiar. Vi ønskjer å styrkje leiinga i tenesta, og søkjer no etter ein ny avdelingsleiar. Saman med eksisterande avdelingsleiar og tenesteleiar skal ein danne eit tett og velfungerande leiingsteam med felles fokus på drift, personalansvar og utvikling. Stillinga er organisert under tenesteleiar som har eit overordna ansvar for tenesta. Fordeling av arbeidsoppgåver vil bli gjort ut frå kompetanse, interesse og behov - og det er rom for både deg som er opptatt av struktur og dagleg drift, og deg som ønskjer å bidra i faglege utviklingsprosessar. Om Miljøterapitenesta Miljøterapitenesta i Vågå gir tenester til menneske med utviklingshemming. Vi arbeider med målretta miljøarbeid og ønsker at brukarane skal oppleve meistring, trivsel og tryggleik i kvardagen. Fagleg kvalitet, medverknad og godt arbeidsmiljø er kjerneverdiar for oss. Vi skal vere ei utviklande teneste - både for brukarane og for dei tilsette. Arbeidsoppgåver: Drift, personalansvar og økonomioppfølging. Fagleg leiing og rettleiing. Opplæring og utvikling av rutinar og prosedyrar. Ansvar for journalsystemet (Profil) og internkontrollsystemet (Compilo). Kvalitetssikring og rapportering. Kompetanseplanlegging og fagleg utvikling i avdelinga. Sikre brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid. Møteverksemd og leiing av personalmøte. Sjå til at lover, forskrifter og interne føringar blir følgde. Lede og utvikle tenesta. Lista er ikkje uttømmande, og arbeidsoppgåvene kan bli endra og tilpassa etter behov. Vi ser etter deg som har: bachelor innan helse- og sosialfag -- t.d. vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant bachelorgrad Søkjarar med autorisasjon som helsefagarbeidar med relevant vidareutdanning vert òg oppmoda til å søkje. erfaring frå leiing og liknande arbeidsoppgåver er ein fordel erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming er ein fordel. gode digitale ferdigheiter. kjennskap til relevant lov- og avtaleverk. god formidlingsevne, du kommuniserer klart og forståeleg på norsk, både skriftleg og munnleg. Som person er du: Engasjert og initiativrik Tydeleg og innehar ein trygg leiarstil med fokus på godt arbeidsmiljø og høg etisk bevisstheit God på samarbeid Fleksibel og løysingsorientert Strukturert og har gjennomføringsevne Reflektert og fagleg dyktig med fokus på kvalitet Personlegeeigenskapar blir tillagt avgjerande vekt. Ved tilsetting vil vi krevje godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar. Vi tilbyr deg: Ei meiningsfull leiarstilling i eit viktig fagfelt. Moglegheit for å forme og påverke ei teneste i utvikling. Tett samarbeid i eit leiingsteam. Kompetente og engasjerte kollegaer. Lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsvilkår gjennom KLP. Arbeid på dagtid og fleksitid. Gode ordningar for kompetanseheving. Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle. Vågå kommune er ein arbeidsgivar som verdset mangfald Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje -- uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn. Vi gjer merksam på at namnet på søkjarar kan bli offentleggjort, sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. Offentleglova §25.
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Pedagogisk leder i Åfjord | Her skal jobben gjøres på jobb, ikke på fritiden · AllCare Solutions AS
- Sykepleiere til spennende oppdrag ved legevakt i Oslo · Nordlys Vikar
- Helsefagarbeiderstillinger hjemmesykepleien i Arna og Åsane · Hjemmebaserte tjenester i Arna og Åsane, Bergen kommune
- Enhet for Integrering, avdeling voksenopplæring, søker lærer · Harstad kommune Integrering
- Spesialkonsulent / Konsulent · 65000 - Idrett og friluft, Asker kommune
- Renholder - 43 % fast stilling · Tydal kommune Teknisk drift
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card