Bemanningseininga har ledig stilling for helsefagarbeidar

Sunnfjord kommune Bemanningseininga · Førde

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Sunnfjord kommune Bemanningseininga
Location
Førde
Posted
September 27, 2026

About this job

Vil du ha ein variert og fagleg spanande kvardag? Er du fleksibel, engasjert og trivst med å bygge gode relasjonar? Då vil vi gjerne ha deg med på laget! Bemanningseininga i Sunnfjord kommune søkjer deg som er helsefagarbeidar og vil bruke kompetansen din på tvers av tenesteområda i omsorg. Bemanningseininga er ei eining i Sunnfjord kommune som skal formidle kompetanse og arbeidskraft ved kortare fråvær til ulike einingar i omsorg. I Bemanningseininga får du jobbe med ulike menneske, i ulike einingar – frå institusjon og heimetenester til psykisk helse og bu- og miljøteneste. Her får du høve til fagleg utvikling, god opplæring og eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi har ledig: 100 % fast stilling som helsefagarbeidar Vi kan tilby: tillegg på kr 20.000,- for å jobbe i Bemanningseininga kompetansetillegg for relevant vidareutdanning gode pensjons- og forsikringsordningar Arbeidsoppgåver: dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak legemiddelhandtering sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde sikre journalføring Krav til søkar: fagbrev som helsefagarbeidar gode kommunikasjons- og samarbeidsevner gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg godkjent politiattest gode IKT kunnskapar bør ha førarkort klasse B Vi søker deg som: har eit ekte engasjement for å jobbe med menneske med ulike behov, og møter kvar enkelt med respekt og omsorg trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team er ein god lagspelar som bidreg til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø er fleksibel, trygg og open for endringar held deg fagleg oppdatert og er ein pådrivar for kvalitet og god etisk praksis Velkomen som søkar! Du må søke elektronisk. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free