Fagansvarlig ingeniør - immunhistokjemi

Patologi, Haugesund sjukehus · Haugesund

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Patologi, Haugesund sjukehus
Location
Haugesund
Posted
September 27, 2026

About this job

Vil du kombinere laboratoriearbeid med fagutvikling og vere med på å utvikle kreftdiagnostikken? Hos oss får du arbeide i eit nytt laboratorium der vi bruker ny og avansert teknologi, høg grad av automasjon og digitale løysingar. Som fagansvarleg vil du ha ei sentral rolle i å sikre høg fagleg kvalitet og bidra til vidareutvikling av laboratoriet sine immunhistokjemiske analysar. Du vil vere ein viktig samarbeidspartnar for patologar, laboratoriemedarbeidarar og andre fagmiljø. Arbeidet ditt vil bidra til påliteleg diagnostikk og leggje til rette for meir persontilpassa behandling. Stillinga er fast og i 100 prosent. Vi håpar du vil vere med på den vidare utviklinga av fagområdet hos oss. 👉 Grip moglegheita til å vere med og forme framtida si kreftdiagnostikk! Søk no. Kva går jobben ut på? Fagansvar for immunhistokjemiske analysar og metodar, og halde seg fagleg oppdatert innan fagområdet. Bidra til utvikling, verifisering og implementering av nye antistoff i samarbeid med ansvarleg lege og funksjonsleiar for patologi. Ha ansvar for utprøving, validering og verifisering av nye metodar og instrument i samarbeid med ansvarleg lege og funksjonsleiar for patologi. Delta i avgjerdsprosessar knytta til innkjøp og implementering av metodar og medisinteknisk utstyr. Ha ansvar for å utarbeide nødvendige opplæringsplanar, samt gjennomføre opplæring og undervisning innan fagområdet. Delta i laboratoriet sitt kvalitetssystem, inkludert prosedyrar og dokumentasjon innan fagområdet. Bidra i forbetringsarbeid, avvikshandtering og internkontroll. Samarbeide med patologar og andre faggrupper for å sikre høg kvalitet i pasientdiagnostikken. Delta i rullering av arbeidsprogram innan fleire fagområde. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha: norsk autorisasjon som bioingeniør eller relevant høgare utdanning innan laboratorie- eller biovitskaplege fag på bachelor- eller masternivå god forståing for digitale verktøy som blir brukte i laboratoriearbeid gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Det er ein fordel om du har: erfaring frå patologi og immunhistokjemi/ automatiserte plattformer erfaring med kvalitetssikring og kvalitetssystem i medisinsk laboratorium erfaring med fagansvar Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som arbeider nøyaktig og strukturert, og følgjer opp faglege oppgåver i en 100% stilling er interessert i kvalitetsarbeid og i å utvikle metodane vi bruker i diagnostikken trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og kan prioritere når det er mykje å gjere likar å dele kunnskap med kollegaer og samarbeider godt med ulike faggrupper arbeider sjølvstendig og tek ansvar Vi legg vekt på personleg eignaheit. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: ei fagansvarleg rolle der du kan kombinere praktisk laboratoriearbeid med fagutvikling vere med på å utvikle immunhistokjemiske analysar i eit fagfelt i endring arbeide i eit nytt laboratorium med automatiserte og digitale løysingar samarbeide med kollegaer frå fleire faggrupper bli ein del av eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i heilt nytt laboratorium løn etter avtale og dokumenterte kvalifikasjoner og erfaring Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Håvard Valvatne, Funksjonsleiar, Arbeidsstad Karmsundsgt. 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5185763914 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 12.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free