Sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning
PSK døgn psykose, Helse Førde · Førde
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- PSK døgn psykose, Helse Førde
- Location
- Førde
- Posted
- September 27, 2026
About this job
DPS Døgn psykose har ledig 100% vikariat for sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning. Vikariat frå snarast til og med august 2027. Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø. DPS Døgn psykose har 8 døgnplassar og 1 brukarstyrt plass. Vi er ein open spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS Døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver Arbeid på sengepost, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen Gi psykiatrisk pleie og omsorg Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på avdelinga Ta del i den til ei kvar tid oppgåver som ligg til seksjonen Andre oppgåver etter avtale med leiar Turnusarbeid, langvakter på helg kan vere aktuelt dersom ønskjeleg. Mulighet for langvakter i vekedagar er under kartlegging. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Relevant vidareutdanning (f.eks. psykiatri eller SEPREP) blir vektlagd, men er ikkje eit krav. Relevant erfaring er ønskjeleg Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg Personlege eigenskapar Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press Personleg eignaheit vert vektlagt Vi tilbyr Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling Opplæring Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Stephanie Levy, Seksjonsleiar, (+47) Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5187045198 Stillingsprosent: 100% Vikariat Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 13.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Enhet for Integrering, avdeling voksenopplæring, søker lærer · Harstad kommune Integrering
- Spesialkonsulent / Konsulent · 65000 - Idrett og friluft, Asker kommune
- Renholder - 43 % fast stilling · Tydal kommune Teknisk drift
- Sykepleier vikariat 100% stilling · Unicare Skibotn, Unicare Nord-Norge
- Er du den nye selgeren ved Narvesen Moss jbst.? · Narvesen Moss jbst. 204
- Vi søker engasjerte helsefagarbeidere til hjemmesykepleien! Mulighet for langvakter! · Hundvåg og Storhaug hjemmebaserte tjenester: Ressursteam, Stavanger kommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card