Undervisningsstilling (vikariat) - norsk og samfunnskunnskap
OPK-SL - Avd. FF, Vestland fylkeskommune · Nesttun
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- OPK-SL - Avd. FF, Vestland fylkeskommune
- Location
- Nesttun
- Posted
- September 27, 2026
About this job
Vil du vere med og forme framtida til ungdom gjennom praktisk og relevant opplæring? Slåtthaug vidaregåande skule ligg sentralt til ved Nesttun, med gode kollektivtilbod og flotte fasilitetar i nærmiljøet. Skulen har om lag 500 elevar fordelt på BA, EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse. På Slåtthaug møter du eit inkluderande fellesskap med engasjerte elevar og dyktige medarbeidarar. Vi er stolte av eit læringsmiljø der alle utdanningsvegar blir verdsette, og der vi saman arbeider for tryggleik, meistring og fagleg utvikling. Hos oss skal elevane oppleve aktiv læring, høge forventningar og støtte til å nå sitt potensial. Stillinga er i 60% frå 16.nov til 31.12 og 100% frå 01.01.2027 til 16.04.2027. Arbeidsoppgåver Undervisninga omfattar to klassar i norsk og éi undervisningsgruppe i samfunnskunnskap på Vg2 yrkesfag. Stillinga er på 60 % i perioden 16. november til 31. desember 2026, og blir utvida til 100 % frå 1. januar 2027 til 16. april 2027. Kvalifikasjonar Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i tråd med gjeldande krav til undervisningsstillingar. Erfaring frå undervisning i vidaregåande opplæring er ein fordel. Svært god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne. God digital kompetanse og interesse for å ta i bruk KI og andre digitale verktøy i undervisninga. Erfaring med heilskapleg vurderingspraksis, tilpassa opplæring og arbeid i eit mangfaldig læringsmiljø. Tydleg og trygg klasseleiing, med evne til å skape gode relasjonar og eit inkluderande læringsmiljø. Personlege eigenskapar Du trivst i arbeid med ungdom og er ein trygg og tydeleg rollemodell. Du har ei positiv innstilling og byggjer gode relasjonar til elevar og kollegaer. Du ser og tek omsyn til behova til den enkelte elev. Du er ein god lagspelar som samarbeider godt med andre og delar kunnskapen din på ein raus måte. Du arbeider strukturert, systematisk og målretta. Vi tilbyr Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Tett kollegasamarbeid og god delingskultur Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap Kontaktinformasjon Lisbeth Væhle Balchen, Konst. Avdelingsleiar for fellesfag, Ingvill Rabben Dypevik, Rektor, Arbeidsstad Slåtthaugvegen 134 5222 Nesttun Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5187215312 Stillingsprosent: 60% Vikar Startdato: 16.11.2026 Sluttdato: 16.04.2027 Søknadsfrist: 18.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Er du vår nye kollega? · Sandefjord kommune Føykås
- Helsefagarbeider · Fyllingsdalen bofellesskap, Gartnermarken, Bergen kommune
- Sogn øyelegesenter søker optiker · Sogn Øyelegesenter As
- Erfaren helsesekretær - 100% stilling - Sandslimarka Legesenter · Sandslimarka Legesenter As
- B2B-selger / Salgskonsulent – Catering · Café Sørøst As
- Serveringspersonale til Vidsjå/Tårnstua i Skimore ved Tryvannstårnet · Tårnstua As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card