Sjukepleiar/vernepleiar- Nattstilling
Avlastningsbustad for born, Haram kommune · Vatne
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Avlastningsbustad for born, Haram kommune
- Location
- Vatne
- Posted
- September 27, 2026
About this job
Butenesta i Haram har for tida ledig 70% stilling på natt som sjukepleiar/vernepleiar i barnebustad og avlasting. Stillinga er ledig frå 1. november 2026, eller etter avtale. Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne. Turnus for stillinga er for tida natt, med arbeid kvar 3. helg. Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta. Haram kommune er oppteken av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette, og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. Arbeidsoppgåver Målretta miljøarbeid. Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje. Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette. Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar. Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk. Fagutvikling, sjukepleiar/vernepleiar vil ha fagansvar og koordineringsansvar i avdelinga. Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov. Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå. Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT. Delta på personalmøte, og andre relevante møte. Legemiddelhandtering. Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar. Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team. Erfaring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg. Førarkort kl. B. Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming. Politiattest er eit krav. Personlege eigenskapar Du viser initiativ og er kreativ. Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert. Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande. Du har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson. Du har evne til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Du har evne til å skape engasjement og har gode haldningar og moral. Du er ein lagspelar som bidreg til at felles mål blir nådd. Du er lojal og stabil. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi tilbyr Ein kjekk arbeidsplass med høve til personleg og fagleg utvikling. Rom for å vere kreativ. Løn etter gjeldande tariffavtale. Kontaktinformasjon Janne Madelen Bergene, avdelingsleiar,, Linn Borgund, Tenesteleiar,, Arbeidsstad Ulvestadvegen 6 6265 Vatne Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5182692754 Stillingsprosent: 70% Fast Startdato: 01.11.2026 Søknadsfrist: 07.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Tømrer til kanskje Norges beste Byggmester selskap / Carpenter to perhaps Norway´s best Master builder company · Byggmester Alpha Entreprenør AS
- Medarbeidere julegave-pakkedisk · Lagunen
- Driftsleder Høyspent/Prosjektleder · Hydro Energi AS
- Pedagogisk leder i Åfjord | Her skal jobben gjøres på jobb, ikke på fritiden · AllCare Solutions AS
- Sykepleiere til spennende oppdrag ved legevakt i Oslo · Nordlys Vikar
- Helsefagarbeiderstillinger hjemmesykepleien i Arna og Åsane · Hjemmebaserte tjenester i Arna og Åsane, Bergen kommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card