Tilkallingsvikarar
Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune · Vatne
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune
- Location
- Vatne
- Posted
- September 27, 2026
About this job
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 33 tilsette fordelt på fem basar. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Visjonen vår er: "Vi gjer kvarandre gode". Per idag er vi lokalisert på gamle Vatne barneskule, i påvente av utbygging i Tennfjord. Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre periodar. Vi søker etter dyktige vikarar som er aktive, leikne, omsorgsfulle og trygge vaksne. Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode. Arbeidsoppgåver Arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer. Bidra til at det enkelte barnet får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om Følge opp den rettleiinga ein får Ansvar for å sette seg inn i og følge barnehagen sine HMS-prosedyrar Kvalifikasjonar Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi– og tuberkulinattest. Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova §27. Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav Personlege eigenskapar blir vektlagt Personlege eigenskapar Vi søker deg som: Har eit ønske om å arbeide med barn Har god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Trivast i ein aktiv kvardag Er glad i å vere ute Er positiv, fleksibel og løysingsorientert Vi tilbyr Givande arbeid i gode fag- og arbeidsmiljø Moglegheit til å bestemme sjølv kor mykje du vil arbeide og når Tilgang til kurs og kompetansehevande tiltak Løn etter tariff Moglegheit til å prøve å jobbe i ulike barnehagar Kontaktinformasjon Gro Olsen Jenssen, Styrar,, Arbeidsstad Gjerdebakken 55 6265 Vatne Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5183396589 Stillingsprosent: 0% Vikar Startdato: 12.10.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 01.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Driftsleder Høyspent/Prosjektleder · Hydro Energi AS
- Er du vår nye kollega? · Sandefjord kommune Føykås
- Helsefagarbeider · Fyllingsdalen bofellesskap, Gartnermarken, Bergen kommune
- Sogn øyelegesenter søker optiker · Sogn Øyelegesenter As
- Erfaren helsesekretær - 100% stilling - Sandslimarka Legesenter · Sandslimarka Legesenter As
- B2B-selger / Salgskonsulent – Catering · Café Sørøst As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card