Leiar med hjarte for menneske og blikk for utvikling?
Klepp kommune, Barneverntenesta · Kleppe
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Klepp kommune, Barneverntenesta
- Location
- Kleppe
- Posted
- September 27, 2026
About this job
I Klepp kommune arbeider me kvar dag for at barn og unge skal oppleva tryggleik, meistring og gode oppvekstvilkår. No søkjer me ein leiar som vil vera med å forma framtidas barnevern saman med dyktige medarbeidarar og sterke samarbeidspartnarar. Me ser etter deg som veit at gode resultat blir skapte gjennom menneske. Du byggjer relasjonar, skapar tillit og får folk til å veksa. Samstundes er du fagleg trygg, strukturert og oppteken av kvalitet i arbeidet. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å utvikla, utfordra og skapa. Kvifor Klepp? Fordi du får høve til å leia ein teneste med stor betydning for mange menneske. Fordi du får arbeida saman med kompetente og engasjerte kollegaer. Her får du vera med på noko større enn deg sjølv - bidra i samhandling med andre til å gjera Klepp til ein kommune kor det er godt å veksa opp. Bli med og skap gode oppvekstvilkår i Klepp kommune! Me trur på krafta i gode relasjonar - gjer du det same, håpar me å høyra frå deg. Søk i dag, og bli med på laget! Arbeidsoppgåver Barnevernstenesta i Klepp er ein viktig del av kommunen sitt samla arbeid for barn, unge og familiar. Me samarbeider tett med helsestasjon, barnehagar, skular, PPT og fleire andre tenester for å finna gode løysingar rundt barnet. Som leiar får du ansvar for å: skapa retning og samhandling i tenesta vidareutvikla ein kultur prega av tillit, læring og fagleg kvalitet leggja til rette for at medarbeidarane lukkast og utviklar seg sikra god drift, kvalitet og utvikling styrkja samarbeidet med familiar, samarbeidspartnarar og kommunen elles Kvalifikasjonar Barnevernfagleg utdanning på masternivå, alternativ annen relevant utdanning på tilsvarande nivå (jfr § 15.6 lov om barnevern) Relevant bachelorutdanning med erfaring frå barnevern og/evt relevant vidareutdanning (jfr § 15.6 lov om barnevern) Leiarutdanning, eller vilje til å ta dette Leiarerfaring med dokumentert kapasitet til å leia menneske og utvikla fagmiljø God forståing av lovverk, fagleg standardar og offentleg forvaltning God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Personlege eigenskapar Du er først og fremst ein trygg, relasjonell leiar. Du ser menneska rundt deg og veit korleis du byggjer sterke lag. Samstudes trivst du med ansvar, tek gode avgjerder og står støtt når det krevst. Du: - byggjer tillit gjennom handlingar og kommunikasjon - motiverer og utviklar medarbeidarar - skapar engasjement og felles retning - arbeider systematisk og målretta - har fagleg integritet og høge ambisjonar på vegne av barna - ser samanhengar og samarbeider godt på tvers av fag og tenester Me tilbyr Ei meiningsfull leiarstilling med stor samfunnsverdi Dyktige og engasjerte medarbeidarar Eit sterkt tverrfagleg miljø med fokus på tidleg innsats og samordna tenester Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår Gode ordningar for kompetanseutvikling Systematisk leiaroppfølging og støtte Eit godt tverrfagleg leiarteam under oppvekstsjef som står saman med deg i utvikling av tenesta Kontaktinformasjon Gry Susanne Hetlelid, Oppvekstssjef, Arbeidsstad Olav Hålandsveg 2 4351 KLEPPE Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5186075604 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Er du den nye selgeren ved Narvesen Moss jbst.? · Narvesen Moss jbst. 204
- Vi søker engasjerte helsefagarbeidere til hjemmesykepleien! Mulighet for langvakter! · Hundvåg og Storhaug hjemmebaserte tjenester: Ressursteam, Stavanger kommune
- Åpen søknad: 7-Eleven Nyborg og Natland · Lars Christian Egeland Hornseth
- Åpen søknad: 7-Eleven Nyborg og Natland · 7-eleven nyborg
- Er du interessert i faglig miljøterapeutisk arbeid? Vi ser etter tilkallingsvikar! · Bolig med bistand 04, Ullensaker kommune
- Driftsleder Høyspent/Prosjektleder · Hydro Energi AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card