Vernepleiar/sjukepleiar

Kringlemyr og ambulerende, Time kommune · Bryne

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Kringlemyr og ambulerende, Time kommune
Location
Bryne
Posted
September 24, 2026

About this job

Me søker ein fagleg engasjerte vernepleiar/sjukepleiar til allsidige arbeidsoppgaver i 100 % fast stilling, turnus dag/kveld samt arbeid kvar 4 helg med langvakter. Miljøtenesta i Time kommune er i stadig vekst. Vi har for ledig stilling for tida ved Kringlemyr bufellesskap og ambulerande tenester, som er ein del av Miljøtenesta i Time kommune. Me søkjer deg som er glad i å jobbe med menneske, og som har erfaring innan miljøarbeid, psykisk og somatisk helse og pleie. Du har erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming, og er oppteken av å sjå den enkelte sine ressursar og moglegheiter. Du trivst i ein variert arbeidskvardag, tek ansvar og ønskjer å utvikle deg både fagleg og personleg. Samstundes er du ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt miljø for både tenestemottakarar og kollegaer. Kringlemyr bufelleskap/ambulernde gjev tenestar til 24 brukarar i alderen 18 til ca 78 år. Fem av brukarane mottar tenester i tilknytning til basen. Resterande av brukarane mottar ambulerande timebaserte tenestar. Arbeidsoppgåver Målretta miljøarbeid i møte med den enkelte brukar Bidra til å sikra forsvarlege pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk Ansvarsvakt Primær/sekundæransvar Sikre eit godt samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidsparter Ansvar for legemiddelhandtering Oppfølging av kapittel 9 vedtak Rettleiing av kollegaer og studentar Fagleg kompetanseheving og utvikling Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar I imiljøtenesta jobbar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag for den enkelte, med fokus på sjølvbestemming og fellesskap i samarbeid med pårørande. Vi bruker positiv atferdsstøtte (PAS) som verdi og rammeverk for tenesteytinga. Ernæring og "Bra mat" er også et viktig satsingsområde. Me har fokus på samdrift på tvers i heile kommunen. Me jobbar for å halda eit høgt fagleg nivå, og har etiske refleksjonssamlingar. Dette gjer oss meir bevisste på kvifor me gjer som me gjer, og minner oss på at me alltid skal ha det beste for brukarane i fokus. Eit positivt arbeidsmiljø med respekt for kvarandre er viktig. Me skal gjera kvarandre gode og er opptekne av at alle skal trivast på jobb. Slik gjer me også ein betre jobb for brukarane våre. Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukarmedverknad. Kvalifikasjonar -Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar -Erfaring med miljøterapi og tiltaksarbeid -Erfaring med dokumentasjon og evaluering -Kjennskap til kapittel 9 er ein fordel -Personleg egnethet vektlegges -Førarkort klasse B (manuell gir er en fordel) Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen Er trygg når andre blir urolige. Er rolig når tempoet auke. Ein som veit at utvikling ofte skjer sakte — men at den skjer Tåler krevande situasjoner uten å ta det personleg Vi tilbyr Gode pensjonsordningar Løn etter tariff Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Det er lovkrav om at politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. Kontaktinformasjon Anita Ås, Avdelingsleiar,, Arbeidsstad Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5185520656 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free