Kontrollingeniørar E134 Vågsli-Seljestad
Statens vegvesen · Røldal
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Statens vegvesen
- Location
- Røldal
- Posted
- September 24, 2026
About this job
Om stillinga E134 Røldal -Seljestad er første byggetrinn på strekninga Vågsli - Seljestad, som skal betre aust-vest-forbindelsen over Haukelifjell. I denne omgang skal det byggast ein 12,4 km lang eittløpstunnel, med litt veg i dagen i kvar ende. Totalentreprisen vart signert 31.mars 2025, og byggestart var i mai 2025. Vi har nå drevet omlag 2,4km av den nye Røldalstunnelen og har behov for å auke bemanninga i ein slagkraftig og kompetent prosjektorganisasjon til å leie utbygginga. Dette er eit langvarig prosjekt med ei byggetid på omlag 6 år. Her har du sjansen til å sette ditt preg på organisasjonen, og vere med på å bygge opp organisasjonen vidare. Du vil bli del av ein hyggeleg og arbeidsam gjeng, som har god kompetanse på området, og vi liker å sjå på oss sjølv som gode kollegar. Stillingane inngår i ei skiftordning på 12/16, og kontorstad vil vere prosjektkontor på Liamyrane ved Røldal. Lurer du på korleis det er å jobbe som kontrollingeniør i Vegvesenet? Her kan du lese om Marius sin kvardag som kontrollingeniør på Sotrasambandet. https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/medarbeiderne-vare-forteller/marius-folger-opp-utbyggingsprosjekter-og-far-trafikken-frem/ Arbeidsoppgåver Som tilsett i prosjektet vårt vil du ha arbeidsoppgåver tilknytt din rolle som kontrollingeniør. Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere: utføre kontroll og dokumentasjon av entreprenørens arbeid og framdrift kartlegging på stuff med dokumentasjon av kartlagt geologi og sikring i Bever mapping bestilling og oppfølging av bergsikring bestilling og oppfølging av injeksjonsarbeid sikre god ivaretaking av HMS i prosjektet utarbeide og bruke egne kontrollplaner, og følge opp entreprenøren sine egne kontroller delta i byggemøte og relevante møter ved behov Kjenner du deg igjen i ein eller fleire av desse oppgåvene, og har erfaring frå prosjekt, vil vi oppfordre deg til å søke! Kvifor skal du velja oss? Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss. Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet. Vi tilbyr deg også desse goda: God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån. Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar. Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning. Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår. Kvalifikasjonskrav Relevant høgare utdanning frå høgskule, teknisk fagskule eller fagbrev innan anlegg- eller vegtekniske fag Relevant erfaring fra tunnel, minimum 3 år Kompetanse i bruk av digitale verktøy for oppfølging og rapportering God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Førarkort klasse B Om du har omfattande og relevant erfaring, og gode personlege forutsetninger for stillinga, kan det kompensere for manglande formell utdanning. Vi vektlegg: omfattande erfaring innan tunnelarbeid kurs i ingeniørgeologi for bygge- og anleggsledere i underjordsarbeider (NTNU) eller liknande motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt Vi ser etter deg som er sjølvgående, strukturert, har god organisasjonsforståing og gjennomslagskraft, og som trivast med å være ein påverkar. Du er fleksibel, initiativrik og løysingsorientert, har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Det er naturlig for deg å vere nøyaktig og kvalitetsbevisst, for du har erfart at detaljer er viktig. Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet. Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir Om søknadsprosessen Krav til søknaden Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine. Testar og bakgrunnssjekk For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering. Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket frå k
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- MOPP AS søker samarbeidspartner innen digital markedsføring – provisjonsbasert · Mopp As
- Vil du skaffe nye bedriftskunder? MOPP AS søker salgspartnere – provisjonsbasert · Mopp As
- Glowclean søker tilkallingsvikar · Glow Clean Spavorova
- Fysioterapeut søkes til fulltidsvikariat ved Asker og Bærumklinikken · Asker & Bærumklinikken
- Barneverns- konsulent -kurator -pedagog · Emploi Medic As
- S.O.S Event Security søker profesjonelle og serviceinnstilte vektere · Sos Event Security As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card