Kokk ved institusjonskjøkkenet - bli ein del av laget vårt!
Hogatunet bu- og behandlingssenter, Stad kommune · Nordfjordeid
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Hogatunet bu- og behandlingssenter, Stad kommune
- Location
- Nordfjordeid
- Posted
- September 24, 2026
About this job
Ved institusjonskjøkkenet vårt har vi ledig stilling som kokk frå 1.12.2026. Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, trivst med samarbeid og ønskjer å bruke kokkefaget til å skape gode kvardagsopplevingar for andre. Kjøkkenet er hjartet i mange av tenestene våre. Kvar dag lagar vi måltid som bidreg til helse, trivsel og livskvalitet for bebuarar og brukarar. Som kokk hos oss får du vere med på å gjere ein forskjell gjennom mat laga med kvalitet, omtanke og fagleg stoltheit. Kven er vi? Institusjonskjøkkenet produserer måltid til bebuarar ved Hogatunet, Fossevegen bufellesskap, dagsenter og heimebuande brukarar. Vi er opptekne av ernæring, matglede og kvalitet, og arbeider tett saman for å gi eit best mogleg tilbod. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer som støttar kvarandre og deler kompetanse. Arbeidsoppgåver Produksjon av varme og kalde måltid Tilrettelegging av spesialkost og diettar Bidra til god kvalitet, mattryggleik og hygiene Varebestilling og lagerhandtering Reinhald og internkontroll i tråd med gjeldande rutinar Samarbeid med pleiepersonell og andre faggrupper Medverke til vidare utvikling av kjøkkenet og tenestene våre Kvalifikasjonar Har fagbrev som kokk eller institusjonskokk Har interesse for ernæring og måltid til personar med ulike behov Arbeider strukturert og tek ansvar Er positiv, fleksibel og løysingsorientert Samarbeider godt med andre, men trivst òg med sjølvstendig arbeid Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø Erfaring frå institusjon, storkjøkken, kantine eller restaurant er ein fordel, men vi oppmodar også andre kvalifiserte kandidatar til å søkje Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevne, fleksibilitet og serviceinnstilt Må kunne arbeide sjølvstendig og i team Er fleksibel og løysingsorientert Vi tilbyr Ei meiningsfull rolle der arbeidet ditt betyr mykje for andre Årsturnus med arbeid kvar 3. helg og helgedagar. Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer Varierte arbeidsoppgåver og høve til å påverke arbeidskvardagen Fagleg utvikling og kompetanseheving Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ber om referansar av nyare dato. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Kontaktinformasjon Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Hogatunet,, Arbeidsstad Skulevegen 24 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5185299083 Stillingsprosent: 70% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- MOPP AS søker samarbeidspartner innen digital markedsføring – provisjonsbasert · Mopp As
- Vil du skaffe nye bedriftskunder? MOPP AS søker salgspartnere – provisjonsbasert · Mopp As
- Glowclean søker tilkallingsvikar · Glow Clean Spavorova
- Fysioterapeut søkes til fulltidsvikariat ved Asker og Bærumklinikken · Asker & Bærumklinikken
- Barneverns- konsulent -kurator -pedagog · Emploi Medic As
- S.O.S Event Security søker profesjonelle og serviceinnstilte vektere · Sos Event Security As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card