Helsefagarbeidar

Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon A · Gurskøy

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon A
Location
Gurskøy
Posted
September 23, 2026

About this job

Er du klar for nye utfordringar og ein jobb som gir meining? Myrvåg omsorgssenter seksjon A, søkjer etter ein helsefagarbeidar til 80% fast stilling for tida organisert med arbeid kvar tredje helg i tredelt turnus. Hovudtyngda av arbeidsvakter er organisert med dag, aften og langvakter på 12,5 timar. Arbeidsstad vert ved Myrvåg omsorgssenter seksjon A fram til 30.08.2027. Vidare kan arbeidsstad for stillinga verte ved seksjon A eller ein annan seksjon i avdeling pleie og omsorg. Stillinga er ledig frå 01.12.2026 Ved Myrvåg omsorgssenter seksjon A, møter du eit inkluderande arbeidsmiljø som tek vare på kvarandre. I det daglege arbeidet møter du faglege utfordringar, kollega med høg fagkompetanse og tverrfagleg samarbeid. Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar og høyrer til avdeling pleie og omsorg i sektor helse og meistring: seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining) seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald Arbeidsoppgåver pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobiliering, og miljøarbeid) utarbeide og følge opp tiltaksplanar dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta Kvalifikasjonar norsk autorisasjon som helsefagarbeidar erfaring frå liknande arbeid er ein fordel gode datakunnskapar, erfaring med Gerica er ein fordel god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting. Personlege eigenskapar tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver har fokus på heilskaplege pasientforløp Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring. Vi tilbyr løn etter gjeldande tariffavtale gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel elektroniske kurs gjennom Visma Veilederen og Glup fagdag i turnus Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort. Kontaktinformasjon Anna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Åsvegen 13 6080 Gurskøy Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5182851380 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free