Helsefagarbeidar

Herøy kommune, Herøy omsorgssenter seksjon blå · Fosnavåg

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Herøy kommune, Herøy omsorgssenter seksjon blå
Location
Fosnavåg
Posted
September 23, 2026

About this job

Ønsker du å bidra til å fremje livskvalitet for personar med demens? Vi søker etter ein helsefagarbeidar som har eit varmt hjarte for dei som treng ro, tilpassa aktivitet, struktur og tryggheit. Vi har ledig ei fast 80 prosents stilling ved Herøy omsorgssenter, seksjon blå. Dette er ein seksjon for menneske med demens som har behov for skjerming. Seksjonen har 16 pasientar. Vi arbeider særskild med individretta miljøarbeid og personsentrert omsorg. Arbeidstida er for tida organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Stillinga er ledig frå dags dato. Arbeidsoppgåver pleie- og omsorgsoppgåver miljøterapeutisk arbeid og personsentrert omsorg observasjon og dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk bidra til ein strukturert, trygg og forutsigbar kvardag bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø samarbeid med pårørande bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald, etter kompetanse for å kvalitetssikre tenesta Kvalifikasjonar norsk autorisasjon som helsefagarbeidar vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel kan bruke IKT som arbeidsverktøy, og har gjerne erfaring med Gerica gode norsk-kunnskapar, munnleg og skriftleg Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting. Personlege eigenskapar du vert motivert av faglige utfordringer i møte med personer med demens du tek tek ansvar for eigne oppgåver, og sikrar at dei blir utført på ein god måte du kommuniserer klart og tydeleg, både med pasientar, pårørande og kollegaer du er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene dine samvitsfullt du har evna til å handtere utfordrande situasjonar, roleg og profesjonelt du bidreg til å finne gode personsentrerte løysingar og støttande miljøtiltak du møter pasientar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar du er trygg, rolig og føreseieleg i møte med personar med demens, og god til å bygge tillit du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring. Vi tilbyr eit faglig sterkt og støttande arbeidsmiljø varierte og meiningsfulle arbeidsoppgaver årsturnus løn etter gjeldande tariffavtale pensjon og forsikringsordning gjennom KLP fagdag i turnus elektroniske kurs gjennom Glup og Visma Veilederen stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og meistring Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen. Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort. Kontaktinformasjon Sissel Reite, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Sjukeheimsvegen 5C 6092 Fosnavåg Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5183849090 Stillingsprosent: 70% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free