Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og aktiv kvardag for barn?

Vindafjord kommune Skjold skule · Skjold

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Vindafjord kommune Skjold skule
Location
Skjold
Posted
September 23, 2026

About this job

Vi har ledig ei 85 % stilling som fagarbeidar/assistent innan barne- og ungdomsarbeidarfaget, med arbeid både i skulen og på SFO. Du blir ein viktig vaksenperson i barna sin kvardag og får høve til å bidra til meistring, læring, leik og gode relasjonar. Hos oss blir du del av eit engasjert arbeidsmiljø der samarbeid, trivsel og utvikling står sentralt. Arbeidsdagane er varierte og meiningsfulle, og du får bruke fagkompetansen din til å sjå det einskilde barnet og skape gode fellesskap. Stillinga passar for deg som likar å vere aktiv saman med barn, er trygg i vaksenrolla og ønskjer å gjere ein positiv skilnad. Kva får du jobba med hos oss? Hos oss får du jobbe med å skape ein trygg, inkluderande og aktiv kvardag for elevane – både i skuletida og på SFO. Du bidreg i opplæringa, støttar elevar som treng rettleiing, og samarbeider tett med lærarar og andre tilsette. Du får også vere med på leik, aktivitetar og gode opplevingar på SFO, og bidra til eit miljø der barna opplever meistring, tilhøyrsle og trivsel. Ingen dagar er heilt like, og du får bruke både fagkompetansen, engasjementet og kreativiteten din i arbeidet med barn og unge. Me kan tilby: Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring. Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor ( KORe’ Vindafjord ). Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk Kvalifikasjonar: Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller god erfaringskompetanse innan arbeid med barn. Anna relevant fagbrev kan også bli vurdert Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk. Personlege eigenskapar: Du er ein trygg, varm og tydeleg vaksen. Du har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i arbeidsmiljøet. Du er tålmodig, fleksibel og løysingsorientert. Du tek initiativ og likar ein aktiv og variert arbeidsdag. Du er oppteken av å sjå det einskilde barnet og byggje gode relasjonar. Du bidreg til eit inkluderande og trygt miljø for barn og vaksne. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Andre opplysningar: Det er eit krav om godkjent politiattest for den som blir tilsett i stillinga. Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free