Lege i spesialisering i revmatologi

REVMATOLOGI OG HUD, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
REVMATOLOGI OG HUD, Helse Møre og Romsdal HF
Location
Ålesund
Posted
September 23, 2026

About this job

Seksjon for revmatologi og hud ved Ålesund sjukehus har ledig vikariat for lege i spesialisering i revmatologi frå 04.01.2027 til 31.12.2027! Revmatologi er eit fantastisk interessant fag som kombinerer praktiske prosedyrar (m.a. ultralyd av kar, nervar, ledd/leddinjeksjonar), samt indremedisinsk puslespel-legging på eit komplisert immunologisk bakteppe. Vi søker deg som ønskjer ein variert og spennande kvardag, og som vil vere med og utvikle revmatologi-faget vidare saman med gode og engasjerte kollegaer. Supervisjon og veiledning er satt i system der overlege alltid er tilgjengeleg. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå spesialitetskomiteen i revmatologi for måten vi driv opplæring og oppfølging på. Vi har ein fylkesdekkande funksjon og er den einaste revmatologiske avdelinga i Møre og Romsdal fylke. Vi tek oss av pasientar med artrittsjukdommar, bindevevssjukdommar og vaskulittar. Avdelinga har sengepost med 2 senger og poliklinikk, og har tilknytta legar, sjukepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og helsesekretærar. I revmatologisk avdeling Ålesund har vi eit stort fagleg engasjement på både nasjonalt og internasjonalt nivå. Vi har i over 10 år bidrege i store multisenterstudiar, som har gitt pasientar moglegheita til å ta i bruk det siste og nyaste av behandlingsmetodar. Arbeidsoppgåver Lege i spesialisering rullerer mellom sengepost og poliklinikk Kvalifikasjonar Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning Erfaring frå revmatologi vil bli vektlagt Personlege eigenskapar Du likar å arbeide sjølvstendig samtidig som du støttar deg til erfarne kollegaer Du er ansvarsbevisst Du er fleksibel og samtidig strukturert Du har gode samarbeidsegenskapar Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. Kontaktinformasjon Ida Grøtta Barstad, Seksjonsleiar,, Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5182825786 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 11.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free