Sjukepleiar til kirurgisk og medisinsk poliklinikk

Avdeling somatikk Odda sjukehus · Odda

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Avdeling somatikk Odda sjukehus
Location
Odda
Posted
September 23, 2026

About this job

Ønsker du å arbeide på ei framoverlent avdeling? Hos oss får du ein variert sjukepleiarjobb der du følgjer pasientar gjennom undersøking og behandling – og er med på å utvikle poliklinikken vidare. Her får du ein variert arbeidsdag og kollegaer som samarbeider tett om pasientane. Vi prøver ut digitale løysingar og utviklar arbeidsmåtane våre saman. Det arbeidet er vi stolte av. Avdelinga fekk Arbeidsmiljøprisen i 2024 og Kvalitetsprisen i 2025. No håpar vi å få deg med på laget! Stillinga omfattar òg arbeid kvar fjerde helg på medisinsk og kirurgisk sengepost. Ring gjerne leiar for ein uformell prat – vi vil gjerne høyre frå deg! Oppstart etter avtale. Kva går jobben ut på? Hos oss vil du mellom anna: utføre sjukepleieoppgåver i poliklinikken delta i undersøking, behandling og oppfølging av pasientar utføre administrativt arbeid knytt til poliklinikkane rettleie studentar og bidra i forbetringsarbeidet i avdelinga. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Gode munnlege og skiftlege norskkunnskapar. Ønskjeleg med minst 2 års sjukehuserfaring. Videreutdanning innan sårbehandling er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: arbeider strukturert og prioriterer oppgåver når det trengst finn løysingar saman med andre samarbeider godt med kollegaer i ulike faggrupper er open for nye oppgåver, arbeidsmåtar og digitale løysingar Vi legg vekt på personlege eigenskapar. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du tilpassa opplæring saman med ein sjukepleiar og kollegaer som samarbeider om oppgåvene. Du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag og delta i forbetringsarbeid. Vi har ein tilgjengeleg leiar og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Anita Narheim, Funksjonsleiar,, Arbeidsstad Sjukehusvegen 10 5750 ODDA Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5183803622 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free