Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Brattvåg som særleg tenestestad
Den norske kirke, Møre bispedøme · Brattvåg
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Den norske kirke, Møre bispedøme
- Location
- Brattvåg
- Posted
- September 22, 2026
About this job
Det er ledig stilling som sokneprest i Brattvåg sokn i Nordre Sunnmøre prosti. Brattvåg kyrkje ligg sentralt i Brattvåg, og er ei arbeidskyrkje der det ligg godt til rette for å utvikle kyrkjelyden. Ein godt samansveisa fellesstab med sokna omkring har kontor like ved kyrkja, og utgjer eit viktig fellesskap i arbeidet med å utvikle kyrkjelydsarbeidet mellom unge og innvandrarar i Brattvåg og sokna omkring. Prostiet omfattar kommunane Ålesund, Sula, Giske og Haram. Brattvåg sokn med 2200 medlemmar er eitt av fire sokn i Haram kommune. Det er to andre sokn på fastlandet, Vatne og Hamnsund, og eit sokn som er knytt til øyane Haramsøy, Lepsøy, Flemsøy og Fjørtoft, også kalla Nordøyane. Brattvåg ligg omlag 30 minutt frå trafikknutepunktet og handelssenteret Moa aust for Ålesund. Det tek 45 minutt å reise til Ålesund sentrum. Soknekyrkja er ei arbeidskyrkje frå 1977 og ligg i Brattvåg sentrum. I soknet ligg også Hildre kyrkje, 15 minutt nordvest for Brattvåg. Det er mange ulike kulturar representert i Brattvåg grunna stor arbeidsinnvandring til den maritime næringa. Det blir nytta nynorsk i alle sokna. Haram er ei industrikommune, med sterk kombinasjon av industri og sjøbruk. Her er godt utbygde servicenæringar, og mange bedrifter innan næringsmiddelindustrien. Det er tilnærma full barnehagedekning. Kulturskuletilbodet er og godt, og er eit samarbeid med Ålesund kommune. I tilleg er det eit breitt tilbod av idrettsaktivitetar, med tre store fleirbrukshallar i Brattvåg og omegn. Tilboda varierer frå klatring og squash til badminton og ballidrettar. Det er 3 sokneprestar i Haram kyrkjelege fellesråd sitt område, og 22 prestar i prostiet. Prestane i Haram samarbeider om tenesteveker i dei 4 sokna og om andakter på institusjonane. I høgtidene samarbeider sokna om felles gudstenester. Soknepresten i Brattvåg har ansvar for konfirmantane i Brattvåg og Hildre saman med kateketen som også er tilretteleggjar for konfirmantopplegget i kommunen. I Haram er det god oppslutning om både dåp og konfirmasjon. Kyrkjelydane driv eit stort og aktivt trusopplæringsarbeid med god oppslutning. Prestane tek del i dette arbeidet. Til Sprell Levande-gudstenestene kjem mange barnefamiliar. Her er godt samarbeid med bedehusa og dei kristne organisasjonane, mellom anna i arbeidet blant barn og unge. Soknerådet ynskjer å prioritere arbeid for ungdom og familiar, og at ein også ser mot dei mange utanlandske familiane som er busett i Brattvåg i samband med arbeid. Sokneprest i Brattvåg har kontor saman med staben i Brattvåg. Her er ein positiv stab som jobbar tett saman med prestane. I Haram er det tilsett kateket, trusopplærar, diakon, to organistar, kyrkjetenarar i alle kyrkjene og kyrkjeverje mfl. Staben har faste samlingar med fokus på arbeidet. Det er stor grad av autonomi og samarbeid på tvers av fagfelta i staben. Staben samarbeider i alle sokna med engasjerte frivillige. Om du vil blir sokneprest i eit aktivt lokalsamfunn med ein engasjert stab og kyrkjelydar, er du velkomen til ein spanande og meiningsfull arbeidsplass omgjeven av hav, kyst og fjord, og med kort reiseavstand til Sunnmørsfjella sin rike natur, sommar som vinter. Arbeidsoppgåver -Soknepresten skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i kyrkjelyden. -I tillegg til gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker som blir fordelte etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andaktar på sjuke- og aldersinstitusjonane i samarbeidsområdet. Det vil så langt råd bli teke omsyn til kompetanse, erfaring og interesse i fordelinga av oppgåvene mellom prestane. -Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning. -Endring av tenestestad eller oppgåver kan takast opp til vurdering dersom det skulle bli aktuelt, jf. Tjenesteordning for prester §9. Kvalifikasjonar -Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, men du vil også få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. -Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar. -Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest". -Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk ståstad. -Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Kyrkjelova §29, 2. ledd. Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette. -Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til prestetjeneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP. -Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legg til rette for menneske med redusert funksjonsevne. -Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til prestetene
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Serveringspersonale til Vidsjå/Tårnstua i Skimore ved Tryvannstårnet · Tårnstua As
- Kokker/Pizzakokker til Vidsjå/Tårnstua i Skimore ved Tryvannstårnet · Tårnstua As
- MOPP AS søker samarbeidspartner innen digital markedsføring – provisjonsbasert · Mopp As
- Vil du skaffe nye bedriftskunder? MOPP AS søker salgspartnere – provisjonsbasert · Mopp As
- Glowclean søker tilkallingsvikar · Glow Clean Spavorova
- Fysioterapeut søkes til fulltidsvikariat ved Asker og Bærumklinikken · Asker & Bærumklinikken
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card