Stranda kommune søkjer fastlege
Helsetenesta, Stranda kommune · Stranda
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Helsetenesta, Stranda kommune
- Location
- Stranda
- Posted
- September 22, 2026
About this job
Kvifor velge Stranda? Stranda kommune ligg vakkert til mellom fjord og fjell på Sunnmøre. Her finn du eit unikt samspel mellom faglege utfordringar og naturbaserte fritidsaktivitetar – perfekt for deg som ønskjer ein balansert og meiningsfull kvardag. Stranda kommune har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. B ur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Vi har ledig 2 vikariat i 100% stilling, eine frå dags dato til mai 2027 og det andre vikariatet frå 26. oktober til august 2027, med moglegheit for forlenging. Vi søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin eller lege i spesialisering (ALIS). Stillinga er fastløna og alle ved kontoret er kommunalt tilsett. Listetak på 750 pasientar for spesialistar i allmennmedisin og 600 pasientar for ALIS. Vi har i dag 7 legeheimlar og 1 LIS1-stilling og vi nyttar journalsystemet PasientSky. Kvifor velge Stranda legekontor? Legekontoret er veldrive Godt og inkluderande arbeidsmiljø med erfarne kollegaer Variert arbeidskvardagar med allmennmedisinske utfordringar Fastløn og 15 % omsetningsløn Normal arbeidstid: 37,5 timar pr. veke Det er lagt til rette for heimekontor/administrativ dag. Internundervisning og «opa-dør»-prinsipp Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad Kommunen dekkjer kursutgifter og legg til rette for spesialisering, som ikkje blir dekka av utdanningsfond II Kommunen er godkjent utdanningsverksemd ALIS-avtale med oppfølging av erfarne rettleiarar Til stillinga er det offentleg legearbeid med inntil 7,5 timar pr. veke Deltaking i interkommunal legevakt (primært laurdag og søndag dagtid) Gode pensjons- og forsikringsordningar Natur, fjord, fjell rett utanfor døra – perfekt for friluftsliv og rekreasjon Vi tilbyr Spanande og varierte arbeidsoppgåver Gode kollegaer og hyggeleg arbeidsmiljø Interkommunal legevakt i Sykkylven med 3 fast tilsette legevaktslegar og hjelpepersonell. Primært legevakt laurdag og søndag kl. 08:00–16:00 Lav vaktbelastning Kvalifikasjonar Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege Gjennomført LIS1 i Norge Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering Søkjarar må kunne uttrykke seg godt på norsk, munnleg og skriftleg Førarkort klasse B Gyldig politiattest Personlege eigenskapar Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt Evne til å arbeide sjølvstendig og i team Fleksibel Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Kontaktinformasjon Inge Settemsdal, Tillitsvalt NLF, Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, Arbeidsstad Øyna 13 6200 Stranda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5185160767 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 11.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Helsefagarbeiderstillinger hjemmesykepleien i Arna og Åsane · Hjemmebaserte tjenester i Arna og Åsane, Bergen kommune
- Enhet for Integrering, avdeling voksenopplæring, søker lærer · Harstad kommune Integrering
- Spesialkonsulent / Konsulent · 65000 - Idrett og friluft, Asker kommune
- Renholder - 43 % fast stilling · Tydal kommune Teknisk drift
- Sykepleier vikariat 100% stilling · Unicare Skibotn, Unicare Nord-Norge
- Er du den nye selgeren ved Narvesen Moss jbst.? · Narvesen Moss jbst. 204
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card