Helsefagarbeidar 100% fast stilling x 2, Rosendalstunet

Kvinnherad kommune Rosendalstunet · Rosendal

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Kvinnherad kommune Rosendalstunet
Location
Rosendal
Posted
September 22, 2026

About this job

Arbeidsstad: Rosendalstunet – midt i vakre Rosendal Vi søkjer helsefagarbeidarar i 100 % fast stilling. Stillingane er i vikarpool. Vikarpoolstillingar inneber at arbeidstakaren utfører vakter ved fleire avdelingar på institusjonen etter behov. Den tilsette må vere fleksibel og kunne arbeide på ulike avdelingar med varierte brukargrupper. Er du ein helsefagarbeidar med eit ekte engasjement for eldreomsorg – og lyst til å bli del av ein solid gjeng med dyktige fagfolk? Vi ser etter deg som vil bidra til ei verdig omsorg, og som har særleg interesse for geriatrisk arbeid. Rosendalstunet ligg i Rosendal i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden. Vi er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering. Her har vi 6 avdelingar og 60 plassar innan langtidsopphald, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø tett tverrfagleg samarbeid og god tilgang på treningsfasilitetar. Turnus Stillinga er i turnus med arbeid kvar tredje helg, eller turnus med langvakter. Velferdsteknologi er ein naturleg del av kvardagen vår – no med prosjektet kamerabasert tilsyn. Arbeidsoppgåver Utøva helsefaglege oppgåver i samsvar med lovverk, rutinar og kvalitetskrav Gje heilskapleg pleie og omsorg Samarbeida med pasientar, pårørande, avdelingsleiar og kollegaer Dokumentera tenestene vi yter Legemiddelhandtering Rettleia kollegaer, studentar og elevar Kvalifikasjonar Bestått fagbrev som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar God norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Fleksibel og løysingsorientert God kommunikasjon- og samarbeidsevner Evne til å jobba sjølvstendig, men også som ein del av eit team Ved tilsetjing legg vi vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar. Vi tilbyr Tilsetjing etter gjeldande kommunale vilkår (HTA og AML) Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring i KLP Gode arbeidsvilkår i eit triveleg og støttande arbeidsmiljø Dekning av flytteutgifter etter avtale Ingen eigedomsskatt for hus, hytter eller næring Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage Ein region med mykje å by på – sjå Sunnhordlandslivet Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern §6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar §19, Helsepersonellova §20 helse- og omsorgstenestelova §5-4 Ein liten videosnutt om kommunen vår: https://www.youtube.com/watch?v=Qp1wXYbj4Ps Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free