ID 2482 Fysioterapeut vikariat - Tenester til heimebuande

Stord kommune · Stord

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Stord kommune
Location
Stord
Posted
September 22, 2026

About this job

Avdeling for aktivitet og re/habilitering, Eining Tenester til heimebuande i Stord kommune har kontor sentralt i Leirvik. Avdelinga er ein aktiv og spennande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper, og med ulike instansar. Me kan tilby varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø. Vår visjon er at fleire er aktive og sjølvstendige i eige liv. Me har ledig vikariat i 100% stilling som fysioterapeut frå 01.01.2027 til 31.01.2028, med moglegheit for forlenging. Arbeidsområdet er retta mot rehabilitering, førebygging og behandling av vaksne og eldre. Individuell oppfølging av brukarar og leiing av grupper vil vere viktige oppgåver i stillinga. Fysioterapeutar tilsett i kommunen gir primært tilbod til innbyggjarar som ikkje kan nytte institutt, til dei som bur på institusjon og bistand til hjelpemiddelformidling. Me gir også tilbod i varmtvassbasseng. Fysioterapeuten kan være koordinator i enkeltsaker. Fysioterapeuten skal bidra i eit tverrfagleg, samordna og samhandlande tenestetilbod. Me ynskjer ein kollega som er fleksibel, nyskapande, løysningsorientert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne. Fysioterapeuten må jobbe med ulike brukargrupper, arbeidsoppgåver og gruppetilbod. Me søkjer ein person som har: • Erfaring frå kommunal og/eller anna relevant fysioterapitenenester • Erfaring med hjelpemiddelformidling • Erfaring med rehabilitering • Erfaring og stor motivasjon for leiing av treningsgrupper • Er ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert • Har høg arbeidskapasitet, er påliteleg og har stor grad av sjølvstende Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar. Kvalifikasjonskrav: • Autorisert fysioterapeut • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg • Førarkort klasse B. Politiattest: Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga. Me kan tilby: Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø Godt arbeidfsmiljø Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk i kommunen Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm Offentleg tenestepensjon Kontaktperson: Avdelingsleiar Bente Bjelland, tlf: eller einingsleiar Kristin Steinsland, tlf:. Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free