Vernepleiar i Arbeid og inkludering

Austrheim kommune · Austrheim

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Austrheim kommune
Location
Austrheim
Posted
September 20, 2026

About this job

Om stillinga Er du ein engasjert og fagleg trygg vernepleiar som brenn for menneske, meistring og utvikling? Har du lyst til å bruke kompetansen din til å gjere ein forskjell i kvardagen til vaksne personar med psykisk utviklingshemming og samansette behov? Då vil vi gjerne ha deg med på laget! Vi har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar i vår eining. Hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg og inkluderande fagmiljø, der vi arbeider målretta for at kvar enkelt brukar skal få moglegheit til å leve eit trygt, meiningsfullt og mest mogleg sjølvstendig liv. Som vernepleiar hos oss får du ei variert og meiningsfull rolle, der du får bruke breidda i vernepleiarfaget. Du vil få bruke både relasjonskompetansen din, det miljøterapeutiske arbeidet og den helsefaglege kompetansen i oppfølginga av brukarane. Vi legg vekt på fagleg utvikling, samarbeid og refleksjon, og du vil få ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle gode og heilskaplege tenester rundt den enkelte brukar. Arbeidsoppgåver Planleggje, gjennomføre og evaluere målretta miljøterapeutiske tiltak Følgje opp vaksne personar med psykisk utviklingshemming og samansette behov Leggje til rette for meistring, deltaking, medverknad og sjølvbestemming Kartleggje behov og utarbeide, følgje opp og evaluere individuelle mål og tiltaksplanar Bruke vernepleiarfagleg og helsefagleg kompetanse i det daglege miljøarbeidet Dokumentere i tråd med gjeldande lovverk og interne rutinar Bidra i arbeid knytt til førebygging, vurdering og oppfølging etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 Samarbeide tett med brukarar, pårørande, verjer, kollegaer og andre samarbeidspartnarar Bidra til gode overgangar og heilskaplege tenester rundt den enkelte brukar Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid Bidra til fagutvikling, kvalitetsarbeid og fagleg refleksjon Rettleie kollegaer og bidra til eit trygt og fagleg godt arbeidsmiljø Ivareta oppgåver knytte til legemiddelhandtering i tråd med gjeldande rutinar og kompetanse Kvalifikasjonskrav Krav til kvalifikasjonar Bachelor i vernepleie, eller at du er 3.-års vernepleiarstudent. For studentar er det ein føresetnad at utdanninga blir fullført i løpet av studieåret. Kunnskap om målretta miljøarbeid og habilitering God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Førarkort klasse B Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding Ønskjelege kvalifikasjonar Erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming og samansette behov Erfaring med arbeid etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 Erfaring med fagsystemet Profil Kven ser vi etter? Vi ser etter deg som er fagleg trygg, og som har gode evner til å gjere vurderingar og utøve fagleg skjønn. Du ser ressursane og moglegheitene hos den enkelte, og er engasjert i menneske med eit ønske om å bidra til utvikling, meistring og gode kvardagar. Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med brukarar, pårørande og kollegaer. Du arbeider strukturert og sjølvstendig, samtidig som du er ein lagspelar som bidreg positivt i fellesskapet. Vi ønskjer også at du er løysingsorientert og fleksibel, og at du har eit ønske om å bidra til utvikling av tenestene. Du har eit positivt menneskesyn og møter andre med respekt, varme og openheit. Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på. Hos oss får du: langvakter på inntil 14 timar kvar fjerde helg ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein reell forskjell eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø moglegheit til å bruke og utvikle vernepleiarfaget aktivt varierte og fagleg interessante arbeidsoppgåver moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving kollegaer som ønskjer å spele kvarandre gode ein arbeidskvardag med både ansvar, utfordringar og mykje glede løn etter gjeldande tariffavtale gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Austrheimmodellen årsturnus Heim til Austrheim Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free