Seksjonsleiar dialyse ved Førde sentralsjukshus

Medisinsk avdeling, Helse Førde · Førde

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Medisinsk avdeling, Helse Førde
Location
Førde
Posted
September 20, 2026

About this job

Dialysen ved Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 01.11.2026. Vi søkjer ein engasjert leiar som ønskjer å vidareutvikle eit fagleg sterkt og viktig behandlingstilbod for pasientar med nyresjukdom. Dialyseseksjonen gir livsnødvendig behandling til pasientar med behandlingstrengande nyresvikt, og tilbyr dialysebehandling til pasientar med både akutt og kronisk nyresvikt. Seksjonen tilbyr både hemodialyse og peritonealdialyse. Det er eit tett samarbeid mellom dei tre sjukehusa i Helse Førde innan dialyse. Dialysen ved Førde sentralsjukehus har eit særleg ansvar for oppfølgjing og koordinering av pasientar i heile nedslagsfeltet, og bidreg til opplæring og fagleg utvikling. Seksjonen har totalt 9,4 årsverk, inkludert fagutviklingssjukepleiar. Stillinga inngår i leiargruppa i Medisinsk avdeling. Avdelingssjef er næraste overordna. Arbeidsoppgåver Heilskapleg leiing med fag-, personal- og økonomiansvar i tråd med Helse Førde sine prinsipp for leiing Oppgåveplanlegging og ressursstyring Medarbeidaroppfølging Kompetansebygging / kvalitetssikring Budsjettarbeid og månadleg rapportering av aktivitet og økonomi. Deltaking i leiarmøter i på avdelings-, klinikk- og føretaksnivå Kvalitetsarbeid som inkluderar internkontroll, avviksbehandling, forbetringsarbeid Deltaking i lokale, regionale, nasjonale prosjekt/utval Samhandling med interne og eksterne samarbeidspartar Pasientretta arbeid ved behov Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Sjukepleiefagleg kompetanse og erfaring frå arbeid med dialysepasientar Vidareutdanning innan leiing, og/eller erfaring som fagleiar eller administrative funksjonar Gode datakunnskapar og tryggleik i bruk av dataverktøy Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Vere fleksibel, endringsvillig, resultatorientert og beslutningsdyktig Fremje god kommunikasjon og samhandling internt og eksternt i organisasjonen Ha evne til å motivere tilsette gjennom informasjon, involvering, rettleiing og tilbakemelding Vere lojal og arbeider for å nå måla til seksjonen, avdelinga og klinikken Vere tydeleg og strukturert, med god formidlingsevne Vi tilbyr Eit godt arbeidsmiljø og eit støttande samarbeid mellom seksjonane og med avdelingssjef Spennande utfordringar Moglegheit for fagleg og personleg utvikling innan leiing Lønn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Laila Haugland, Avdelingssjef, (+47) Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5180453062 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free