Tilkallingsvikarar ved bu og miljøtenester
Aurland kommune · Aurland
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Aurland kommune
- Location
- Aurland
- Posted
- September 17, 2026
About this job
Om stillinga Vil du gjere ein forskjell? Me treng tilkallingsvikarar i bu og miljø! Er du engasjert, omsorgsfull, og ynskjer å bidra til ein meiningsfull kvardag for andre? Då kan dette vere jobben for deg! Om oss: Vi tilbyr tenester til personar med nedsett funksjonsevne gjennom bufellesskap, avlastning og brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Tenestemottakarane våre har ulike behov for hjelp i kvardagen, og me jobbar for å sikre at dei er delaktige i eige liv. Målet vårt er å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for kvar enkelt brukar. Vi ser etter deg som: Er omsorgsfull og tolmodig Har godt humør og evne til å skape gode relasjonar Kan arbeide fleksibelt, også på kveld, natt, helg med langvakter og døgnvakter Er open for ein gjevande og meiningsfull jobb, til dømes studentar eller andre med ledig tid Arbeid og ansvarsområde Avdelinga yter tenester til menneske med utviklingshemming, andre kognitive funksjonsnedsettingar og til personar med rus- og eller psykiske lidingar. Me gir tenester i omsorgsbustader med heildøgns bemanning, praktisk bistand i heimen til brukarane, eller som brukarstyrt assistanseordningar (BPA i brukar sin heim). Tenestemottakarane har av ulik grad av behov for bistand i kvardagen. Me jobbar for å legge til rette for at brukaren er delaktig i eige liv i tillegg til å skape ein meiningsfull kvardag for den enkelte. Arbeidsoppgåver er mellom anna: støtte bebuar til ein aktiv og sosial kvardag hjelpe til med daglege gjeremål legge tilrette for ein god og meiningsfull kvardag. Me tilbyr bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum gode pensjons- og forsikringsordningar løn etter tariff personleg assistent blir løna etter relevant utdanning startløn etter 6 års ansiennitet for søkarar med fagbrev / høgskuleutdanning ekstra laurdags- og søndagstillegg med kr 10 over tariff Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her. Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI Kvalifikasjonar Fagbrev som helsefagarbeidar eller anna helsefagleg utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav. Du kan søke sjølv om du ikkje har relevant erfaring eller fagbrev, det viktigaste er at du har lyst til å jobbe med menneske og er eigna for oppgåvene. Du er ein trygg og positiv person som samarbeider godt med andre, og som bidreg til trivsel og tryggleik for brukarar og kollegaer. Personlege eigenskapar Me vil legge vekt på desse personlege eigenskapane: imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar trygg på deg sjølv, ansvarsfull og tolmodig fleksibel og løysningsorientert Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt. Løns- og tilsetjingsvilkår tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestlova av nyare dato Det ynskjeleg med førarkort klasse B. Krav til språk Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg minimum på B2 nivå. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Generell informasjon om søknadsprosessen Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Erfaren helsesekretær - 100% stilling - Sandslimarka Legesenter · Sandslimarka Legesenter As
- B2B-selger / Salgskonsulent – Catering · Café Sørøst As
- Serveringspersonale til Vidsjå/Tårnstua i Skimore ved Tryvannstårnet · Tårnstua As
- Kokker/Pizzakokker til Vidsjå/Tårnstua i Skimore ved Tryvannstårnet · Tårnstua As
- MOPP AS søker samarbeidspartner innen digital markedsføring – provisjonsbasert · Mopp As
- Vil du skaffe nye bedriftskunder? MOPP AS søker salgspartnere – provisjonsbasert · Mopp As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card