Beredskapsmedarbeidar
IDI - Sikkerheit og støttetenester, Vestland fylkeskommune · Leikanger
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- IDI - Sikkerheit og støttetenester, Vestland fylkeskommune
- Location
- Leikanger
- Posted
- September 17, 2026
About this job
Vi søkjer ein engasjert medarbeidar til beredskapsarbeidet vårt. Stillinga har særleg merksemd på beredskapsøvingar for tilsette innan vidaregåande opplæring og tannhelse i heile Vestland fylke. Øvingsaktiviteten er i stor grad diskusjonsøvingar, og ofte for store grupper. Du vil bidra i det overordna beredskapsarbeidet, og vere del av eit fagmiljø som arbeider med svært mange ulike tema og oppgåver innanfor sikkerheit og beredskap. Vi jobbar på tvers av fagområde, og samarbeider med ulike aktørar eksternt. Vi støtter og rettleier avdelingane, bidreg til å samordne planverk og handtering av uønskte hendingar. Hos oss får du moglegheit for personleg vekst og fagleg utvikling, samstundes som du bidreg til å vidareutvikle tenester og leveransar på fagområdet. Stillinga medfører noko reiseverksemd. Arbeidsoppgåver Ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av beredskapsøvingar for tilsette innan vidaregåande opplæring og tannhelse Bidra i opplærings- og øvingsaktivitet etter behov innan fagområdet Bidra i overordna beredskapsplanlegging, som til dømes overordna risiko- og sårbarheitsanalyse og overordna beredskapsplan for fylkeskommunen Støtte og rettleie avdelingar med deira beredskapsarbeid og kontinuitetsplanlegging Bidra i handtering av uønskte hendingar Bidra i tverrfagleg arbeid både internt og eksternt Bidra til vidareutvikling av tenester og leveransar på fagområdet Andre oppgåver innan fagområdet må påreknast Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, til dømes innan beredskap, sikkerheit, pedagogiske eller administrative fag Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Høg integritet og evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig Det er ein fordel om du har: Erfaring frå opplærings- og øvingsaktivitet Kunnskap om personleg sikkerheit og handtering av truslag og vald Erfaring frå offentleg forvaltning Kjennskap til sikkerheitslova Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje. Den som vert tilsett må kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELEG. Personlege eigenskapar Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som: Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Er komfortabel med å snakke foran større forsamlingar Er analytisk, utviklingsorientert og løysingsorientert Tek ansvar utover eige arbeidsområde Har god gjennomføringsevne og handterer fleire oppgåver samtidig Vi tilbyr Hos oss får du: Ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag Ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse Gode moglegheiter for fagleg utvikling Stillingsnemning konsulent / spesialkonsulent / rådgjevar / seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar Fleksibel arbeidstid Heimekontor etter gjeldande avtale i VLFK Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar Kontorstaden ligg i Sogndal kommune, som er omfatta av den nye ordninga for sletting av kr. 25.000 av studielånet pr. år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår. Kontaktinformasjon Anne Cathrine Fasmer Eide, seniorrådgjevar, Svein Helge Steinsaker, seksjonsleiar, Arbeidsstad Askedalen 2 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5177717659 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Er du interessert i faglig miljøterapeutisk arbeid? Vi ser etter tilkallingsvikar! · Bolig med bistand 04, Ullensaker kommune
- Driftsleder Høyspent/Prosjektleder · Hydro Energi AS
- Er du vår nye kollega? · Sandefjord kommune Føykås
- Helsefagarbeider · Fyllingsdalen bofellesskap, Gartnermarken, Bergen kommune
- Sogn øyelegesenter søker optiker · Sogn Øyelegesenter As
- Erfaren helsesekretær - 100% stilling - Sandslimarka Legesenter · Sandslimarka Legesenter As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card