Rådgjevar GIS
NPI - Regional plan og analyse, Vestland fylkeskommune · Leikanger
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- NPI - Regional plan og analyse, Vestland fylkeskommune
- Location
- Leikanger
- Posted
- September 17, 2026
About this job
Er du oppteken av GIS, digitale kartløysingar og samfunnsutvikling? Har du lyst til å vere med å utvikle løysingar som blir brukte av både kommunar, fagmiljø og politikarar når viktige avgjerder skal bli tatt? Vestland fylkeskommune søkjer ein GIS-rådgivar til eit vikariat i 2 år. Du blir ein del av eit av dei sterkaste GIS- og analysemiljøa i offentleg sektor, der vi kombinerer moderne teknologi med analyse, innovasjon og samfunnsutvikling. Dette er ikkje ei rein driftsstilling. Hjå oss får du vere med å utvikle nye løysingar, utforske ny teknologi og omsetje data til kunnskap som bidreg til betre avgjersle. Arbeidsoppgåver Arbeidskvardagen vil vere variert. Mellom anna vil du: lage geografiske analysar som støttar regional planlegging og samfunnsutvikling samarbeide med kommunar, statlege etatar og andre samarbeidspartnarar utvikle og forvalte GIS-infrastruktur, karttenester og geodata utvikle kartløysingar, dashboards og digitale visualiseringar bidra til å vidareutvikle fylkeskommunen sitt kunnskapsgrunnlag gi GIS-fagleg rådgiving til ulike avdelingar i fylkeskommunen bidra i utviklingsprosjekt innan analyse, digitalisering og geodata Kvalifikasjonar Mastergrad innan GIS, geomatikk, geografi, informatikk eller tilsvarande erfaring med GIS-programvare god forståing for geografiske data og analysar gode samarbeidsevner og evne til å formidle faglege problemstillingar personlege eigenskapar vert vektlagt Det er ein fordel dersom du har erfaring med: web-GIS og karttenester FME Python eller SQL ArcGIS Enterprise ArcGIS Pro datavisualisering og dashboard offentleg forvaltning eller planarbeid Manglande erfaring innan enkelte område kan bli vege opp av sterk motivasjon og vilje til å lære. Personlege eigenskapar Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig. Vi ser etter deg som: er nysgjerrig er løysingsorientert er god til å samarbeide med andre trivst med å arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi og samfunn likar å finne smarte løysingar har interesse for geografiske data ønskjer å vere med på å utvikle nye arbeidsmåtar Vi tilbyr Hjå oss blir du del av eit fagmiljø med høg kompetanse innan GIS, analyse, statistikk og regional planlegging. Vi deler kunnskap, hjelper kvarandre og har stor tillit til den enkelte medarbeidaren. Du vil få høve til å arbeide med problemstillingar som betyr noko – både for kommunane, innbyggjarane og utviklinga av Vestland. Du får mellom anna: spennande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver stor moglegheit til å påverke utviklinga av nye GIS-løysingar eit sterkt fagmiljø med brei GIS- og analysekompetanse høve til å utvikle deg fagleg gjennom prosjekt og samarbeid fleksibel arbeidstid og gode moglegheiter for heimekontor gode pensjons- og forsikringsordningar løn etter avtale Kontaktinformasjon Ida -Beate Mølmesdal, Leiar,, Arbeidsstad Lars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5174899162 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 12.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Er du vår nye kollega? · Sandefjord kommune Føykås
- Helsefagarbeider · Fyllingsdalen bofellesskap, Gartnermarken, Bergen kommune
- Sogn øyelegesenter søker optiker · Sogn Øyelegesenter As
- Erfaren helsesekretær - 100% stilling - Sandslimarka Legesenter · Sandslimarka Legesenter As
- B2B-selger / Salgskonsulent – Catering · Café Sørøst As
- Serveringspersonale til Vidsjå/Tårnstua i Skimore ved Tryvannstårnet · Tårnstua As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card