Joker Bellingen søker butikkmedarbeidar deltid
Joker Bellingen · Sæbø
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Joker Bellingen
- Location
- Sæbø
- Posted
- September 17, 2026
About this job
Vil du bli ein del av «Den gode naboen»? Joker Bellingen søkjer butikkmedarbeidar. Stillinga er ei mellombels deltidsstilling med varigheit fram til 1. februar 2028. Slagordet vårt er Joker – Den gode naboen. For oss handlar det om meir enn å selje daglegvarer. Ein god nabo bryr seg, hjelper til og bidreg til eit godt lokalmiljø. No ser vi etter deg som vil vere med på laget vårt og gi kundane den gode Joker-opplevinga – kvar dag. Hos oss er ingen dagar heilt like. Vi har ikkje eigne avdelingar, så du får jobbe i heile butikken og lære litt av alt. Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere: varepåfylling og framtrekk av varer kassearbeid kundebehandling og god service betjening av Post i Butikk softisservering om sommaren anna praktisk og generelt butikkarbeid Her er det alltid noko å gjere, så du må trivast med ein aktiv arbeidsdag og vere klar for både mange skritt og tunge løft. Kven ser vi etter? Som ein del av «Den gode naboen» håpar vi at du likar menneske og synest det er kjekt å gi god service. Du møter kundane med eit smil, hjelper til når det trengst og samarbeider godt med kollegaene dine. Vi ser etter deg som: er blid, positiv og lærevillig likar å yte god service og snakke med menneske trivst med fysisk arbeid og kan ta i eit tak kan arbeide sjølvstendig og sjå kva som må gjerast er løysingsorientert og gjerne litt kreativ samarbeider godt med andre kan jobbe kveld og helg, og gjerne i høgtider Har du erfaring frå daglegvare, butikk eller liknande arbeid, er det ein fordel – men det er ikkje eit krav. Det viktigaste for oss er kven du er, at du har lyst til å lære, og at du likar å stå på. Høyrest dette ut som deg? Då håpar vi du søkjer! Vi gler oss til å høyre frå deg!
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Driftsleder Høyspent/Prosjektleder · Hydro Energi AS
- Er du vår nye kollega? · Sandefjord kommune Føykås
- Helsefagarbeider · Fyllingsdalen bofellesskap, Gartnermarken, Bergen kommune
- Sogn øyelegesenter søker optiker · Sogn Øyelegesenter As
- Erfaren helsesekretær - 100% stilling - Sandslimarka Legesenter · Sandslimarka Legesenter As
- B2B-selger / Salgskonsulent – Catering · Café Sørøst As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card