Sjukepleiar 100 % stilling ved Ørskog heimeteneste
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune · Ørskog
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
- Location
- Ørskog
- Posted
- September 3, 2026
About this job
I distriktet Ørskog, har vi ledig 100 % fast stilling som sjukepleiarar i heimetenesten. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg. Verksemda har midlertidig økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar. Heimetenesten består av heimebuande i distriktet Ørskog, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert ved Steinholt Busenter. I same bygg har ein både Dagsenter for heimebuande frå Skodje og Ørskog, samt omsorgsleiligheter. Heimetenesten har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter, både ved Steinholt Busenter, men også Steinaplassen omsorgsbustader, som er lokalisert i same bygg som Ørskog omsorgssenter. Vi har eit tett samarbeid med Ørskog omsorgssenter. Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krever høg fagleg kompetanse. Heimetenesten er opptatt av å yte gode og verdige tenester i brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime. I tenesten blir det nytta kommunale bilar som står under carport ved kontorbasen. Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum. Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, osv. Arbeidsoppgåver Sikre at pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen) Legemiddelhåndtering, medisinsk behandling og oppfølging Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktøra Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar 3.års sjukepleiestudentar kan søke, men med forbehold om godkjent autorisasjon Relevant erfaring er ein fordel God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR) Beherske IKT-verktøy Førerkort klasse B Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben. Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm) Personlege eigenskapar Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar Sjølvstendig og samarbeidsorientert Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Nytenkande og endringsvillig Personlege eigenskaper blir vektlagt Vi tilbyr Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø Et støttende og engasjert kollegialt miljø Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff Pensjonsordning i henhold til tariff Bedriftshelsetjeneste IA bedrift Kontaktinformasjon Maren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar,, Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar,, Arbeidsstad Steinholtvegen 6 6240 Ørskog Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5172534604 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.09.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Er du leken, engasjert og ambisiøs? Vi søker pedagogisk leder! · Læringsverkstedet Forus Barnehage
- Kreativ frisør søkes: Bli med i vårt team på Rykkinn · Team Hårsenter As
- Helsesekretær Hamar Øyelegesenter · Øyelege Øyvind Mattsson As
- Billakkerer · Sky Rekruttering As
- Organisasjonsrådgiver - gjør en forskjell for studentene på UiO · Studentparamenent Ved Univ I Oslo
- Erfaren vaktmester · Lillestrøm Kirkelige Fellesråd
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card