Overlege i psykiatri
Folgefonn DPS - Valen Sjukehus · Valen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Folgefonn DPS - Valen Sjukehus
- Location
- Valen
- Posted
- September 3, 2026
About this job
🌿 Vil du vere med og forme framtida innan psykisk helsevern? Hos Folgefonn DPS blir du ein del av eit levande, inkluderande og tverrfagleg behandlingsmiljø der fagleg kvalitet, samarbeid og utvikling står i sentrum. 💙 Vi tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilbod innan psykisk helsevern og rusbehandling (TSB), med lokasjonar på Valen og i Odda. Her møter du eit sterkt fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, LIS-/ALIS-legar, psykologar under spesialisering og høgskuleutdanna medarbeidarar med vidareutdanning. Saman arbeider vi for å gi innbyggjarane i Kvinnherad og Ullensvang eit godt, heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod. 🚀 Vi er inne i ei spennande utviklingsfase der vi vidareutviklar både polikliniske tilbod og døgnbehandling. No har vi ei ledig stilling ved Allmennpsykiatrisk poliklinikk, og dette gir deg ei unik moglegheit til å vere med og påverke fagutviklinga, bidra med nye perspektiv og vere ein del av eit miljø som er oppteke av læring, kvalitet og nytenking. 📍 Arbeidsplassen vil vere på Valen, anten i poliklinikk eller døgnseksjon. Dersom du ønskjer ein meiningsfull arbeidskvardag med faglege utfordringar, engasjerte kollegaer og gode moglegheiter for vidare utvikling, håpar vi å høyre frå deg. ✨ Intervju kan bli gjennomførte fortløpande i utlysningsperioden. Velkomen til Folgefonn DPS – der fag, utvikling og engasjement møtest! Kva går jobben ut på? Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar. Tverrfagleg klinisk arbeid i team. Rettleiing og internundervisning. Deltaking i felles bakvaktsordning med Valen sjukehus. Deltaking i samhandling med pårørande og kommunehelsetenestene. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon og godkjent spesialisering i psykiatri. Gode munlege og skriftlege norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du finn løysningar og er strukturert har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner trivst i eit aktivt miljø med varierte utfordingar bidreg positivt til arbeidsmiljøet Kvifor skal du velje oss? Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring. Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift). Kompetanseutvikling og vidareutdanning. Moglegheit for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling. Sterkt fagleg fellesskap med godt arbeidsmiljø. Moglegheit for å skaffe overgangsbustad. Kontaktinformasjon Rolf Christian Mehl, Overlege, Maren Elise Skogseth, Avdelingsleder Folgefonn DPS, Arbeidsstad Sjukehusvegen 13 5451 Valen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5176053839 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 02.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Vil du jobbe med bil? Fleksibel deltidsjobb hos Vanly Varebilutleie (20–50%) · Vanly As
- Takserer søkes til bilskadeverksted på Ottestad · Sky Rekruttering As
- Renholder · VESTRE SLIDRE KOMMUNE HELSE OG OMSORG ADMINISTRASJON
- Kundemottaker / takserer – Werksta Ottestad · Sky Rekruttering As
- Vi søker en god person som liker å leke og å være sammen med barn · Stiftelsen Sollia Barnehage
- Gravemaskinfører søkes - Tveit Maskinservice AS · Tveit Maskinservice AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card