Produktlinjeleiar/seniorrådgjevar for web ved Kommunikasjonsavdelinga
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- September 6, 2026
About this job
https://youtu.be/M5n6RnScNgA Produktlinjeleiar/seniorrådgjevar for web ved Kommunikasjonsavdelinga UiB sine nettsider spelar ei sentral rolle i student- og forskarrekruttering, formidling av forsking og synleggjering av UiB sitt samfunnsbidrag. Universitetet har dei siste åra løfta kvaliteten på webtenestene sine. No treng vi ein seniorrådgivar som kan bidra til trygg drift, god forvaltning og målretta vidareutvikling av tenestene. UiB organiserer digitale tenester i produktlinjer på tvers av avdelingsstrukturen, og webproduktlinja ligg under produktområdet administrasjon og formidling. Stillinga er organisatorisk plassert i Kommunikasjonsavdelinga, men skal arbeide tett saman med mellom anna IT-avdelinga og leie dette tverrfaglege produktlinjearbeidet. Stillinga har ikkje personalansvar. Arbeidsoppgåver: Produktlinjeleiar skal koordinere eit tverrfagleg team frå IT-avdelinga og Kommunikasjonsavdelinga. Teamet har ansvar for forvaltning, drift og vidareutvikling av UiB sine webtenester, og arbeider med både teknologi, innhald, brukaroppleving og digital kommunikasjon. Ei sentral oppgåve er vidareutvikling av UiB si Drupal-baserte plattform som blir driven i eit Kubernetes-basert containermiljø. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna: Leie produktlinjearbeidet for web Prioritere tiltak, utviklingsløp og ressursbruk innan webområdet Sikre god forankring av prioriteringar i organisasjonen Følgje opp drift, leveransar, risiko og avhengigheiter Sjå alle webtenester på UiB i heilskap og følge opp mål, resultat og gevinstrealisering i bruk av dei ulike publiseringsløysingane Samarbeide med systemeigarar, utviklingsmiljø, innhaldsmiljø og andre relevante fagmiljø Bidra til at webtenestene støttar brukarane sine behov, UiB sine kommunikasjonsmål og tekniske krav til stabilitet, tryggleik og vidareutvikling Saksførebuing til produktstyret og oppfølging av prioriteringer og avgjerder som blir tatt der Innan det første året skal produktlinja ha stabil drift, føreseielege leveransar og godt forankra prioriteringar på tvers av dei involverte fagmiljøa. Kvalifikasjonar: Søkjarane må ha: Høgare utdanning på minst bachelornivå, helst innan kommunikasjon, teknologi, organisasjon eller andre relevante fagområde. Lang praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning. Relevant erfaring frå digital tenesteutvikling, webforvaltning, produktleiing, prosjektleiing eller tilsvarande arbeid Teknisk forståing for moderne webplattformer God forståing for både kommunikasjonsfaglege og teknologiske problemstillingar Det er ein fordel med: Erfaring frå arbeid med større nettstader eller digitale tenester Kjennskap til tverrfagleg produktarbeid eller tenesteforvaltning Forståing for brukarorientering, universell utforming, innhaldsforvaltning og analyse Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren eller anna offentleg forvalting Forståing for samanhengen mellom systemlandskap, dataflyt, integrasjonar og brukaroppleving Teknisk innsikt i plattforma vi byggjer på (Drupal/PHP) og moderne driftsmodellar (container-/Kubernetes-basert drift, CI/CD) Vi søkjer ein person som: Har god rolleforståing og kan skape framdrift Er trygg i møte med ulike fagmiljø Kan gjere tydelege prioriteringar og grunngje dei Arbeider strukturert, sjølvstendig og heilskapleg Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt Omset brukarbehov og faglege behov til praktiske prioriteringar Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi kan tilby: Ei sentral rolle i vidareutviklinga av UiB sine digitale kommunikasjonskanalar Eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø i Kommunikasjonsavdelinga og IT-avdelinga Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i årsløn kr. 830 000 - 860 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Seksjonssjef Jørgen Thune Johnsen, E-post:, tlf.:. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli p
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Chef · Nama
- Cook Dishwasher · Nama
- Salgskonsulent innen digital markedsføring · Fjord Media AS
- Er du vår nye medarbeider? · Skoringen
- Tilkallingsvikar som hjemmehjelp · Hjemmebaserte tjenester i Årstad, Bergen kommune
- Voksen funksjonshemmet kvinne søker erfaren personlig assistent · Medvind Assistanse AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card