Sør-Fron skule søkjer lærar

Sør-Fron kommune · Sør-Fron

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Sør-Fron kommune
Location
Sør-Fron
Posted
September 6, 2026

About this job

Er du ein engasjert lærar på jakt etter nye utfordringar? Vil du bli ein del av kollegiet ved Sør-Fron sin splitter nye barne- og ungdomsskule? Vi har ledig ei 100 % mellombels lærarstilling ut skuleåret, med moglegheit for forlenging. Vi søkjer først og fremst etter allmennlærarar og grunnskulelærarar som er gode relasjonsbyggjarar, skapar eit trygt og inkluderande læringsmiljø og utøver tydeleg klasseleiing. Har du undervisningskompetanse i norsk på ungdomssteget, og formell kompetanse og/eller erfaring innan kunst og handverk? Då kan du vere den vi leitar etter! Velkomen som søkjar til ein ny og framtidsretta skule der du får vere med og gjere ein forskjell for elevane kvar einaste dag. Hugs å leggje ved attestar og vitnemål saman med søknaden. Arbeidsoppgåver Planlegge og gjennomføre undervisning aleine og i samarbeid med andre. Vere ein bidragsytar inn i skulens profesjonelle læringsfellesskap. Utføre dokumentasjonsarbeid etter gjeldande standardar. Kvalifikasjonar Tilsetjingskompetanse etter gjeldande lovverk og etter kompetansekrava for norsk (min 60 stp) på ungdomssteget. Formell kompetanse og/eller erfaring innan kunst og handverk Du er tydeleg, strukturert og evnar å skape gode relasjonar til omgjevnadene dine. Du beherskar norsk skriftleg og munnleg svært godt. Personlege eigenskapar Du er ein tydeleg vaksen som har godt grep om klasseleiing. Du er ein dyktig relasjonsbyggjar. Du nyttar humor som eit naturleg verkemiddel i kvardagen. Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi tilbyr Du får ein unik moglegheit til å vere med å setje ditt preg på Sør-Fron si nye storstove, med: Om lag 55 dyktige kollegaer. I overkant av 300 forventningsfulle elevar. Kulturhus/idrettshall, badeland og bemanna skulebibliotek. Moglegheit for relevant vidareutdanning for fast tilsette. Kontaktinformasjon Dan-Håkon Fonstad, Rektor Sør-Fron skule, Lisbeth Clausen, avdelingsleder, Arbeidssted Glasmestermoen 8 2647 Sør-Fron Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune Referansenr.: 5177178810 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 14.09.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 22.09.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free