Stipendiat i klimadynamikk

Universitetet i Bergen · Bergen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Universitetet i Bergen
Location
Bergen
Posted
September 8, 2026

About this job

https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Ved Geofysisk Institutt (GFI), Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid, til dømes undervisning, avhengig av behova ved instituttet. Den som blir tilsett, vil vere ein del av NorCPMNext, eit strategisk prosjekt ved Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR) som har som mål å vidareutvikle sub-sesong- til sesongprognosar for regionalt klima og ekstreme hendingar ved hjelp av hybride fysikk-KI-modellar. Om prosjektet/arbeidsoppgåver Det er eit aukande behov for sub-sesong- til sesongprognosar (S2S; 2 veker til 12 månader) for regionale klimarelaterte farar og ekstremhendingar som hetebølgjer, kraftig nedbør og ekstreme sjø-isforhold, på grunn av dei store miljømessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensane desse kan ha. Fysikkbaserte jordsystemmodellar og system for klimaprognosar dannar grunnlaget for moderne klimaførehandsvarsling, men det er berekningsmessig kostbart å køyre dei med oppløysingar som er relevante for konsekvensanalysar. Kunstig intelligens (KI) gir nye moglegheiter for å overvinne denne avgrensinga. Samstundes viser svakheitene ved reint datadrivne metodar, særleg for lengre prognosehorisontar, at det er behov for å kombinere KI med fysikkbaserte modellar. Hybrid fysikk-KI-modellering er derfor i ferd med å bli ein lovande veg mot nøyaktige, fysisk konsistente og effektive klimaprognosar. Dette ph.d.-prosjektet vil fokusere på KI-basert nedskalering av klimamodellresultat med grov oppløysing for å gi handlingsretta klimainformasjon på regionalt og lokalt nivå. Dei resulterande høgoppløyste prognosane vil bli nytta i brukerretta casestudiar som vurderer risiko knytt til ekstreme hendingar i Noreg. På denne måten vil prosjektet demonstrere potensialet i neste generasjons hybride fysikk-KI-system for klimaprognosar. Arbeidet vil bli gjennomført i tett samarbeid med vitskaplege partnarar i NorCPMNext, eit strategisk prosjekt som involverer Universitetet i Bergen, NERSC (Nansen Environmental and Remote Sensing Centre) og NORCE (Norwegian Research Centre). Universitetet i Bergen tilbyr eit internasjonalt arbeidsmiljø gjennom BCCR, det største klimaforskingssenteret i Norden og eitt av dei leiande sentera i Europa, med om lag 200 forskarar frå 37 land. Kvalifikasjonar og eigenskapar Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i atmosfærevitskap, fysikk, anvendt matematikk, informatikk eller relaterte fagområde. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.12.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Erfaring frå eller kompetanse innan atmosfærisk dynamikk er eit krav. Slik erfaring kan vere opparbeidd gjennom universitetsfag, forskingsprosjekt eller yrkeserfaring. Erfaring med vitskapleg programmering ved bruk av Python, R, Matlab, Julia, C/C++ eller tilsvarande er eit krav. Erfaring frå eller kompetanse innan maskinlæring, analyse av klima- eller høgoppløyste modellresultat, klimaprognosar/-framskrivingar eller vurdering av miljørisiko er ein fordel. Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For stillinga gjeldt følgande Om stillinga som ph.d.-stipendiat Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universite

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free