Postdoktor i ver- og klimafysikk
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- September 2, 2026
About this job
https://youtu.be/M5n6RnScNgA Postdoktorstilling Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforskning er det ledig ei stilling som postdoktor i ver- og klimafysikk, og representasjon av desse gjennom maskinlæring. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til prosjektet «Reaching AI Projections Trustworthy for Unseen Rainfall Extremes (RAPTURE)», finansiert av eit Starting Grant frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Korleis kan me simulera eigenskapar og farar ved ekstrem nedbør under tilhøve me aldri har observert, på ein truverdig måte? RAPTURE er eit femårsprosjekt som fokuserer på dette spørsmålet, som ligg i kjernen av forståinga av flaumkatastrofar i ei stadig varmare og våtare verd. RAPTURE samlar høgoppløyselege fysiske simuleringar, maskinlæringsbaserte klimaemulatorar og nye perspektiv på dynamikken i ver og klima for å forstå i) kva noverande simuleringar av ekstrem nedbør allereie fangar opp påliteleg, ii) kvar dei treng å betrast, og iii) korleis dei kan betrast. Å arbeida som del av RAPTURE vil gi kompetanse innan dynamisk meteorologi, maskinlæring for jordsystemet og klimarisikoforsking, med høve til å delta i europeisk forskingssamarbeid. Den som vert tilsett vil vere ein sentral del av RAPTURE, der vedkomande skal trene opp og vidareutvikle banebrytande maskinlæringsemulatorar og nytte nye diagnostiske verktøy for å forstå kor godt desse emulatorane fungerer, sett frå eit fysisk og vêrfagleg perspektiv. Vedkomande skal søkje svar på sentrale, opne forskingsspørsmål, mellom anna kva datakjelder som gjev dei mest pålitelege klimaframskrivingane, om enkelte vêrfenomen er meir krevjande å modellere med maskinlæring enn andre, og om det er mogleg å utvikle emulatorar som kan takast i bruk i område av verda med sparsamt datagrunnlag. Den som vert tilsett vil ha høve til å påverke korleis desse problemstillingane blir handterte, og det blir venta at vedkomande set sitt eige preg på arbeidet sitt. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) innanfor atmosfærefysikk, meteorologi, klimavitskap eller maskinlæring. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas er gjennomført innan mars 2027. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje Gode matematiske og analytiske ferdigheiter er eit krav Interesse for meteorologi knytt til ekstremhendingar og maskinlæring for jordsystemet er eit krav Gode og dokumenterte programmeringsferdigheiter er eit krav Erfaring med geospatial dataanalyse i Python, arbeid i vitskapelege HPC-miljø, bruk av maskinlæringsrammeverk (til dømes PyTorch) og versjonskontrollverktøy (til dømes GitHub) er ein fordel Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Om postdoktorstillinga: Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Vi tilbyr: eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 685 900. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn medlemsskap i Statens pensjonskasse gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: Eit søknadsbrev som inneheld: ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Carpenters - Bergen. Free accommodation and flight ticket · Lys Bemanning As
- Vil du jobbe på terminal i Bergen fra 02. november til 12. desember? · Adecco Karrieresenter
- Psykologer i Bergen (Heltid/Deltid) · EmmaSofia As
- Lagerhaus søker ekstrahjelp · Lagerhaus
- Tre måneders fastlegevikariat på Vestlandet fra desember · Dignus Medical - Kletor AS
- Seks måneders fastlegevikariat på Vestlandet fra januar · Dignus Medical - Kletor AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card