Assisterande fakultetsdirektør (underdirektør)
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- August 23, 2026
About this job
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Fakultet for naturvitskap og teknologi Fakultet for naturvitskap og teknologi er ein nasjonal leverandør av realfagleg og teknologiske kompetanse som Noreg og verda treng. Vi har om lag 1000 tilsette, 3800 studentar og eit budsjett på om lag 1,5 milliardar kroner. Forsking og undervising skjer på institutt og i sentre. Fakultetet har på vegner av UiB ansvar for to av UiB sine strategiske satsingsområde; UiB Hav og UiB Klima og energiomstilling. Det omfattande og gjennomgripande campusutviklingsprosjektet UiB Realfaghøyden vil styrke fakultetet som eit realfagleg kraftsentrum og innovasjonsknutepunkt. Du finn meir informasjon om fakultetet her. Assisterande fakultetsdirektør (underdirektør) Ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er det ledig stilling som assisterande fakultetsdirektør (underdirektør). Assisterande fakultetsdirektør har ei nøkkelrolle i fakultetet si administrative leiing, og er ein sentral rådgjevar og støttespelar for fakultetsdirektør og for dekanat. Fakultetsadministrasjonen utgjer ei kompetanseeining med om lag 60 medarbeidarar med forvaltningsoppgåver innan studie, HR, forsking, innovasjon, kommunikasjon, økonomi og stab. Vårt føremål er å levere gode administrative tenester på ein profesjonell og effektiv måte som støttar opp om fakultetet si kjerneverksemd innan forsking og utdanning. Vi søkjer ein leiar som er strategisk og målretta og som ønskjer å bidra til leiing av fakultetsadministrasjonen i ei tid prega av endring og utvikling, der effektivisering, kvalitet og god bruk og utvikling av digitale verktøy vil vera ei sentral oppgåve. Assisterande fakultetsdirektør rapporterer til fakultetsdirektøren og inngår i fakultetsleiinga og fakultetsdirektøren si leiargruppe. Arbeidsoppgåver Fast stedfortredar for fakultetsdirektør Nestleiar for fakultetsadministrasjonen med ansvar for koordinering, oppfølging og utviklingsarbeid Leiar for seksjon for kommunikasjon og stab Saman med fakultetsdirektør ha dagleg leiing av og fortløpande leveransar til dekanat innan ein breidde av saksområde og problemstillingar, i tillegg til utvikling av administrasjonen ved fakultetet Koordinere og leie prosjekt og prosessar, spesielt knytt til organisasjonsutvikling, forbetring av arbeidsprosessar og ikkje minst implementering av digitale verktøy og løysingar Delegert mynde for planlegging og oppfylging av HMS-arbeidet og øvrige internkontrollområde ved fakultetet Følgje opp planar, strategi, måloppnåing og heilskapleg internkontroll for fakultetet i samarbeid med fakultetsdirektør Saksutgreiing og leiarstøtte til fakultetsleiinga og fakultetsstyret Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga over tid. Kvalifikasjonar og eigenskapar Søkjar må ha mastergrad. Lang praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning. Brei og relevant leiarerfaring med dokumentert gode resultat Interesse for organisasjonsutviklingsarbeid og resultat å vise til Erfaring med utgreiingsoppgåver på høgt nivå Digital kompetanse og interesse for digital utvikling og transformasjon Solid kunnskap om rammene for statlege verksemder, gjerne universitets- og høgskulesektoren God skriftleg og munnleg framstillingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk Vi søkjer ein person som: Har evne til å involvere og motivere, utvikle andre og bygge gode relasjonar Evner å arbeide strategisk og har god organisasjonsforståing Er initiativrik, utviklingsorientert og engasjert Har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar Har stor arbeidskapasitet, tar ansvar og arbeider systematisk og målretta med stor gjennomføringskraft Har kunnskap om relevante lov- og avtaleverk Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, vil bli vektlagde. Vi tilbyr: Spanande og utviklande arbeidsoppgåver tett på forsking, utdanning og innovasjon i eit mangfaldig og internasjonalt miljø Handlingsrom til å vidareutvikle administrative funksjonar Tilbod om fagleg og personleg utvikling gjennom kompetanse- og leiarutvikling Løn som underdirektør (kode 1059) i spenn frå 1100 000 – 1300 000,-. For særs kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn Medlemskap i Statens Pensjonskasse Gode velferdsordninger Korleis søkje på stillinga? Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida. Vi gjør oppmerksom på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, derunder: Søknadsbrev/motivasjonsbrev attester og vitnemål Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Tiler – Bathroom Specialist · XL Bemanning AS Avd Bergen
- Stipendiat i medievitskap · Universitetet i Bergen
- Saksbehandler/regnskapskonsulent Kunde · Ansattservice - Økonomitjenester - Kunde, Bergen kommune
- Psykolog til årsvikariat · Stiftelsen CRUX
- Saksbehandler/regnskapskonsulent Leverandør · Ansattservice - Økonomitjenester - Leverandør, Bergen kommune
- Er du den nye selgeren ved Narvesen Torgalmenningen? · NARVESEN BUTIKKEN 747 OLE BULL PLAS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card