Stipendiat i medievitskap
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- August 23, 2026
About this job
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat i medievitskap ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande og skal utførast ved instituttet. Dette inkluderer i stor grad undervisningsoppgåver. Dette er ei opa utlysing, men vi ber søkar om å utvikle eit prosjekt som rettar seg mot den faglege innretninga til ei eller fleire av dei seks forskingsgruppene i medievitskap: Forskingsgruppe for Film, fjernsyn og visuell kultur: Forskar på eit spekter av uttrykk - film, video, foto, teikneseriar, tv - og på grunnspørsmål i fagfelta medieestetikk og visuell kultur. Gruppe for studium av medieindustri og journalistikk: Er tverrfagleg og utforskar ulike faglege perspektiv som undersøkande journalistikk, sport og kultur; digitale teknologiar; journalistrolla og profesjonsideologi; og driv undersøkingar av mediepolitikk, etikk, økonomi og journalistikkens publikum. Forskingsgruppe for retorikk, demokrati og offentleg kultur: Forskar på korleis ein brukar kommunikasjon til å argumentere, overtyde, og skape eller uttrykke identitet og identifikasjon – som individ, i organisasjonar og i samfunn. Mediebruksgruppa: Forskar på korleis menneske – som publikum, brukarar og borgarar – relaterer seg til media, og korleis ein gjennom media relaterer seg til kvarandre og til samfunnet. Gruppe for framveksande medium: Forskar på dei skiftande teknologiane, formar for og bruk av moderne audiovisuelle medium, med eit kombinert fokus på nye produksjonsteknologiar (til dømes utvida verkelegheit, virtuell produksjon og KI) og den nye bruken av etablerte audiovisuelle teknologiar som t.d. videospel og strøyming av video. Gruppe for kultur, ulikhet og demokrati (KUD): Forskar på samanhengar mellom kultur- og mediefeltet (forstått som publikum, bruk, tekstar, institusjonar og politikk) og sosial ulikskap, med spesielt fokus på implikasjonar for demokrati, deltaking og medborgarskap. For meir informasjon om forskingsgruppene og instituttet, sjå instituttet si heimeside: https://www.uib.no/infomedia. Ta gjerne kontakt med leiar for aktuell(e) forskingsgruppe(r). Kvalifikasjonar og eigenskapar: Mastergrad i medievitskap eller nærskylde fagområde, inkludert tilsvarande utanlandske utdanningar. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden. Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap. Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet, og entusiasme for forskning. Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. Det er ein fordel om søkar beherskar norsk som undervisningsspråk. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagd. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Arbeidsstad for denne stillinga er Bergen, og arbeidet krev at du er fysisk til stades ved instituttet dagleg. Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju. Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk. For stillinga gjeldt følgande: Om stipendiatstillinga: Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er karrierefremjande arbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om ph.d. -utdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til. Vi tilbyr: Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø. Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700 brutto. Automatisk lønsutvikling for opptil 4 år med 3 % årleg stiging. Medlemsskap i Statens pensjonskasse. Gode velferdsordningar. Prosjektet: Ei kortfatta prosjektskildring på 5-8 sider (inkludert kjeldeliste) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gj
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Telefonsupport - deltid · TIRNA KOMPETANSE STI AVD KRISTIANSAND
- Kontormedarbeider · Barne- og familietjenesten i Bergenhus og Årstad, Bergen kommune
- Brøytingens superhelt - Brøytebilsjåfør i Bergen · BERGEN BRØYTING AS
- Vi søker rørleggere · JOBBKRETSER AS AVD KOMPETANSEPARTNER VESTLAND
- Ready for your next challenge? Join Omega Subsea as Tender Manager · OMEGA SUBSEA AS AVD BERGEN
- Seksjonsleder - seksjon for sterilforsyning og operasjonsstøtte · HARALDSPLASS DIAKONALE SYKEHUS AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card