Audiograf
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK · Ålesund, Norge
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will continue to the employer’s original posting.
- Company
- HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK
- Location
- Ålesund, Norge
- Posted
- August 18, 2026
About this job
Vi har ledig 50 % fast stilling som audiograf ved Hørselssentralen, ØNH-seksjonen ved Ålesund sjukehus. Stillinga er ledig frå snarast. Hørselssentralen arbeider med utgreiing, behandling og oppfølging av personar med nedsett høyrsel i alle aldrar. Seksjonen har eit særskilt fylkesansvar for utgreiing og oppfølging av små barn som ikkje passerer nyfødtscreening for høyrsel. Vi har òg eit tverrfagleg team som arbeider med utgreiing av Auditory Processing Disorder (APD). Hos oss blir du del av eit engasjert og kompetent fagmiljø med tett samarbeid mellom audiografar, audiopedagogar og ØNH-legar. ØNH-seksjonen består av fem overlegar og fire LIS-legar. Hørselssentralen har sju audiografstillingar, og ved seksjonen er det òg ei eiga audiopedagogisk eining. Vi tilbyr ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar, høg grad av samarbeid på tvers av profesjonar og moglegheit til å bidra i utviklinga av tenestetilbodet til pasientane våre. Arbeidsoppgåver Utgreiing, habilitering og rehabilitering av personar med nedsatt hørsel i alle aldersgrupper Vurdering av behov for hjelpemiddel, rehabilitering med høyreapparat til vaksne og barn Retesting etter høyrselsscreening av nyfødde Vi har eit tett samarbeid med Øre-nese-hals poliklinikk Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som audiograf Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg Det er ein fordel med erfaring frå sjukehus eller avtalespesialist, men vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje Personlege eigenskapar Du er strukturert og imøtekommande Du arbeider sjølvstendig og er ansvarsbevisst Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne Du er tilpasningsdyktig og bygger lagånd Ønsker å tilegne deg ny kompetanse Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilseting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! Kontaktinformasjon Monika Dahl Berget, Seksjonsleiar, Henrikke Klokkehaug Overå, Teamkoordinator, Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5165565078 Stillingsprosent: 50% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026
This is a short summary. Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card